lørdag 21. november 2009

Tomtemerke på plass

I dag var vi oppom Solflekken vår for å kike på tomtemerka som no er komne på plass. Namnet Solflekken verka litt ironisk der vi stod i vind og surt regn. Den planlagde skoginga vart med andre ord avlyst. Vi har ikkje akkurat hastverk med å få sett spaden i jorda, men det hadde vore bra å få utnytta det tørre veret som har vore siste månaden, til å skoge litt. Vi ser fram til 15. desember, for då skal maskinlaget som lagar veg inn til tomtene vere ferdig, og vegen vert opna.

Men, vi kika på standardflisene til Mesterhus hos MålarOlav, og var på kafé etterpå. Veldig stas det også.

God helg!

tirsdag 17. november 2009

Tomt nr 65, her kjem vi






1. oktober 2009 vart vi tildelt tomt nr 65 i Bratteberg 1 Aust-feltet. Stor jubel i heimen! Før det har vi hatt ein lang prosess med vurderingar fram og tilbake om vi skulle kjøpe hus, byggje hus, kjøpe tomannsbustad, einebustad. Og så siste variant: Kjøpe tomt, og setje opp telt.

Enno er ikkje første spadetak sett i jorda, men det kan kanskje vere interessant å sjå utgangspunktet no, og forhåpentlegvis sjå ei viss utvikling det næraste året, pluss nokre månader.