tirsdag 25. mai 2010

Mannbrann og konepone



Mannbrann tenkjer på kor mange cm fyllmasse som skal til før isopor, før støyping av plate. Konepone tenkjer på kva fargar som vil passe godt til vår kvite kjøkeninnreiing med valnøttbenk. I går var vi til Hakallegarden og konepone vart superinspirert av heile staden. Kvifor er det ingen andre som hengjer opp måleria sine på utsida av veggen? Eller spraymålar oppvaskmaskina raud slik at koppestellet kjem til sin rett? I alle fall fekk eg litt åleine-koneponetid i den vidundarlege butikken der, og enda opp med eit fat, salatbestikk og skei i slik hardplast som kan brukast til alt. Det beste med alt er at det er herleg fargesterkt og glorete. Herleg. Gutane var også begeistra over besøket dit, og ville ha med både hengebuksvin og alpakka heim.

fredag 21. mai 2010

Ein million kvitveisar

Endeleg kom våren og varmen. I Solflekken er det ein million kvitveisar, og det er så vakkert! Vi har planar om å spare eit tue eller to, og setje dei på plass etter at huset er komt opp. I tillegg er der heldigvis også stikker som markerer hjørna på huset på tomta. For tida er det mange som spør oss kva som skjer med huset, og som er forundra over at vi ikkje har komt i gang. Det er vi også, men vi ventar i kø, og vonar på oppstart snarast. :) Snikkarane har også venta i det lengste, i håp om at dei kunne reise huset før sommaren. Det er vi takksame for! No er vi over på plan B, som gjer at vi skal mure i sommar. Vårt mantra er og blir "Hus blir det", sjølv om dei siste vekene har vore ei stor tålmodsprøve.

Legg gjerne igjen ein kommentar av det optimistiske og muntre slaget. Ha ein god solskinsdag.