lørdag 27. februar 2010

Peder Stol

Som eg las i Fjordingen for litt sidan er det ein spesiell dag 22. februar. Den heiter Peder Stol, og frå denne dagen startar smeltinga også frå grunnen. Med andre ord så gjer grunnvarmen slik at det går mot vår no, sjølv om det er kaldt i lufta. VELDIG gode nyheiter for utålmodige husbyggjarar.

Kjøkenet er nesten ferdigteikna, det står berre att å velje kvitevarer og innebygd/frittståande kjøleskap. Kvitevarene har inga hast i heile tatt, men vi må nok velje det med kjøleskapet før kjøkenet vert tinga. Kjekt å ha nokre husting å jobbe med.

lørdag 20. februar 2010

Skogryddinga er ferdig



Vakker utsikt frå Solflekken i dag. Yngve saga dei siste 8 trea i strålande sol og -8 grader. Mykje snø, så tomta vert ikkje moka i vinterferien. Med ei snødjupn på 105 cm er der omlag 800 kubikk med snø...Vi satsar heller på mildver dei næraste vekene. :) Nabovarselet er kome attende utan merknader, og vi håpar på rask kommunal sakshandsaming.

Det er noko spesielt med det å planleggje bygginga av eit hus. Mange seier "Å då får de det akkurat som de vil!", men det står att å sjå. Vi får velje løysingane sjølve ut frå vår økonomi, men må også tenkje nøkternt og med hovudet. Det kan vere utfordrande, men vi er veldig takksame for at vi ikkje har blitt bitne av luksusfella til no. Enn så lenge er det mange standardløysingar med små endringar. Og i dag las eg noko som eg (AM) syns var veldig klokt: "Det er viktig at ikkje heimen ser ut som ein utstillingskatalog, men at tinga i huset også IKKJE passar saman". Heia til det.

Men altså. Enn så lenge ser Solflekken ut som på biletet ovanfor. Som Johannes sa i dag: "Karr e tomta, mamma? Her e jo heilt tomt."

onsdag 10. februar 2010

Kjøkenspørsmål

Det eg skal spørje deg om no gjeld nok ikkje eit av livet største og viktigaste val. Faktisk kan det ikkje kome opp på lista over dei nest viktigaste verdsspørsmåla ein gong. Men... Likvel skal det takast stilling til:

Har du ein U-forma/hesteskoforma kjøkenbenk? Kva er den perfekte avstand mellom dei to benkane som då står ovanfor kvarandre? Ikkje for langt, slik at ein må gå metervis mellom benkane, men ikkje så tett at ein må ut for å tenkje? Jatakk for svar.

:)