mandag 27. desember 2010

Prikkar, veggar og slikt

Har ikkje hatt med fotoapparat i dag, så du får bere over med at eg ikkje har lagt ut bilete. Vi er no ferdige med å isolere innsida av ytterveggane og taket. Yngve og Steinar har teke til med lettveggar og tilpassing av ventilasjonsrør, og i morgon kjem pappaLeif og held fram med det same. Eg har stappa isolasjonsrestar i søppelsekkar nokre timar i dag, og mest vore mamma og husmor heime.

Det er godt å vite at vi er i nytt hus før sola snur neste gong, og at no vert morgonane og kveldane stadig lysare og lettare. Det er mykje arbeid som står att før vi kan flytte inn, men vi er i eit godt driv så vi håpar det skal gå fint. Ikkje minst kan eg glede meg over alle prikkane vi fekk til jul. (På koppar og fat)

Å glede seg er også ei glede.
Framleis god jul til alle der ute. Eg håpar på friske born framover...

mandag 13. desember 2010

Glava i lange baner



Tysdag kom ein lastebil med Glava til Solflekken. Yngve var i Bergen og fekk augebehandling/operasjon, men takka vere hjelp frå Sveinar, Morten, Anders og Gunnar fekk konepone inn alle pakkane med isolasjon same kveld. Ungane var med Vivian. Takk alle saman for uvurderleg hjelp! Vi vonar vi ein gong kan få gje litt hjelp tilbake.
Denne kvelden var det perfekt ver for å bere inn isolasjon, tørt og kaldt. Dagen etterpå lava det ned 40 cm snø, så vi var utruleg heldige.



Laurdag var konepone, PappaLeif og PappaSteinar i Solflekken og starta med å isolere innsida av ytterveggane i 1. etasje. Kan absolutt anbefale å bruke skjerebrett for Glava. Vi fekk også starta så vidt på loftet.





God St.Lucia-dag :) Vi gler oss til adventsfest i barnehagen i kveld.

fredag 3. desember 2010

Fredagsblogg



No har vi fått begynne å montere ventilasjonsanlegg inne, og eg syns mannbrann er veldig flink! Han studerer teikningar på senga til og med, og eg er viss på at ventilasjonsanlegget vert slik det skal vere. Snikarane har teke til med verandaen, og det ser også fint ut. Blir endå betre med ei solseng og eit glas iskald brus på, -med tida. :) Over helga kjem isolasjonen, så då prioriterer vi å isolere ytterveggar og tak mot kaldloft, og ha på fuktsperre, slik at vi kan setje på varmeomnen etterpå. Og ja, eg blir nokså god på faguttrykk eg også syns eg. :)



Riktig god helg frå nyryddarkonepone og -mannbrann

fredag 26. november 2010


Fint å blande fuglemix og smelta flot-eller delfiafeitt, utan salt, til småpippane no i vinterkulden. Vi brukte nokre store og nokre små peparkakeformer, men fann ut at det var best med dei små og mellomstore, for skjora tok dei store.









Taket er ferdig, og manglar berre pipe. Stillasa er nedtekne, og no ser vi så mykje betre korleis huset vårt ser ut. Vi er forelska. :) Og så var det så kjekt å få vise det til brorJonnen denne veka. Han hadde ikkje vore opp i tomta ein gong før no, så det var veldig kjekt å få vise han og J rundt på Solflekken. No er tørkeomnane på, og då er det ikkje lenge til vi får starte inne.

Vi er så heldige som får oppleve at byggjedraumen vert sann. Visst går vi travle dagar i møte, med eigeninnsats rett rundt hjørnet. Men så er det ein bra premie også.

Om du veit om ein bra byggeblogg som nokon andre skriv må du gjerne leggje att ein kommentar med lekkje til han. KJekt å følgje andre i prosessen også.

God helg.
Mannbrann og konepone

onsdag 24. november 2010

Taksteinane er på plass





Siste veka har det vore kaldt og klart her i Volda. Snekkaren og lærlingen er på plass, og no har taket fått takstein. Vi er veldig godt nøgde med fargen. :) Bileta er frå i går, så deï er ikkje heilt oppdaterte. Om ein månad er det julaftan, så det er ikkje så mykje lys til å knipse hus-bilete etter arbeidstid. Ventilasjonsanlegget har komt, så forhåpentlegvis får vi ta til med å installere det om ei vekes tid. Kanskje. :)

Denne helga kom mamma og pappa frå Stryn og sette inn ei dør til oss. Takk for det! Gler meg til i morgon, for då kjem storebror og tantebarn for å sjå Solflekken for aller første gong.

Ha ein mild og mjuk vinterkveld.

mandag 15. november 2010

Eg skal innrømme...

..at no gledar eg meg veldig til vi kan starte på eigeninnsatsen.

Det var alt for i dag.

torsdag 11. november 2010

Steg for steg


Vindskeiene og bordkledninga er oppkomne, hurra! Til høgre ser vi at klossane og listene rundt kjøkenglasa er ferdige. Vi trur det er "pausearbeid", som dei tek langsmed viss dei ventar på at andre ting skal verte klare. Det ser litt komisk ut med ulik listing rundt alle glasa, men det blir bra til slutt :) Ikkje minst til våren når vi får måla huset og listene.


Her ser vi lisjetaket over verandadøra, som har fått takstein på seg! Vi syns det er passeleg gammaldags med rustikke raudbrune taksteinar til dette huset, og er godt nøgde med valet så lang:) På denne sida er også mønekrysset montert.
Snikkaren poserer attmed lisjetaket.

Elles har det blitt lite "husarbeid" denne veka, med 100-års jubileum for skulen, og mannbrann sin tur til Bergen, så vi håpar å kome sterkare attende. Snart er det tid for eigeninnsats, og vi skal starte med å setje inn dørene og få opp varmen inne så materiala vert tørre, før ventilasjonsanlegget skal monterast.

søndag 7. november 2010

"Vinter og sne, en skiløper suser av sted"

Vi avslutta helga med aketur på kjelke i Dalevegen. Til frydefulle kvin frå stor og dei to små, og litt gråt frå den minste fordi farten vart for høg :) Nydeleg vinterver, stjerneklart og aprikosfarga himmel i vest, før det vart heilt svart. Nokså trygt enno, sidan gatelysa ikkje er monterte og vi såg VELDIG godt den eine mopeden frå lang avstand og kunne pelle oss ut av vegen.

Elles har vi fått takstein på nordsida av taket, og vindskeier over alt. Det tek til å sjå litt meir ferdig ut, og det er fint. :) Vi får sjå kor tid det vert mildver så resten av taket får stein også. Det er no tett i alle fall. Elles har det vore lite fotografering i det siste. Vi fekk ein støkk førige søndag då stillaset hadde blese ned, men no er det oppattkome og sikra. :)

Ha ei god veke.

lørdag 30. oktober 2010

Den siste oktoberrapporten


I dag, laurdag!, har snikkarane sett inn verandadøra, samt nokre pynteklossar på vindauget attmed. Det ser litt snodig ut no når dei er lysegrå, og listene er grå. Til våren skal vi måle listene kvite så då vert det bra trur vi.


Nesten ferdig austvegg. Her skal det også kome slike pynteklossar på vindaugslistene.


Stadig meir borkledning, og no også eit lite overbygg til verandadøra.


Dette biletet er teke ut bilvindauget mot Vikeneskaia ein dag denne veka. (Eg køyrde ikkje samstundes, så klart) No er det verkeleg haustver i Volda.

fredag 29. oktober 2010

Å glede seg er også ei glede

brukte eg å seie då eg var mindre. Ja, eg seier det vel enno, og meiner det verkeleg. Det ER ei glede å kunne glede seg til noko.

Vi har det fint og flott her vi bur no, men sjølvsagt vert det litt annleis oppi Solflekken. Dette er glede seg til-lista for i dag:
1: Gode tørkemoglegheiter for skitne og våte barnehageregnklede
2: Sleppe å trakke ned kvarandre på badet
3: Vedaomn

No er austveggen ferdig kledd, og vindskeiene er på plass på den sida. Elles er det litt halvferdig over det heile, men det er endringar kvar dag.

Ha ei retteleg god helg alle saman.
Helsing konepone og mannbrann

onsdag 20. oktober 2010

Snøflekken

No er det lenge sidan vi har lagt ut noko nytt frå Solflekken. Snikkarane har hatt eit par dagar der dei har jobba på eit anna prosjekt, men no er dei tilbake att. Bordkledninga er ferdig oppspikra på delar av huset, og taksteinane er levert.



Ungane jublar over snøen i dag, og sant å seie syns konepone at det var herleg med lys rein snø ho også.

God oktoberkveld

søndag 10. oktober 2010

Vindauge på plass



Fantastisk å sjå ut også!

torsdag 7. oktober 2010

Tett tak!



I dag måtte vi opp med kake til snekkarane, for no er taket tett! Her går det unna. Yngve var opp i Solflekken i kveld, og då var arbeidskarane der enno, og i lag fekk dei bore vindauga opp i hovudetasjen. Viss vi er heldige er vindauga monterte i morgon.
Ha ein god solskinsdag i morgon.

lørdag 2. oktober 2010

What a difference a day makes

Torsdag


Snekkarane har no bygt arka/framsmettet, og då ser vi meir korleis huset vert. I tillegg har dei pakka inn alle veggane med asfaltplater og har starta å skjere ut for vindauga. Det er så kjekt å sjå framstega! Både snekkarane og Yngve har vore litt sjuke denne veka, og ikkje fått gjort så mykje som planlagt. No er det godt det er haustferie for oss, så kanskje vi får gjort litt meir med mellom anna støttemuren. Vi håpar det fantastiske haustveret held fram.

Fredag


Denne månaden har vi eigd tomta eitt år, og vi er godt nøgde med prosessen så langt. Det er ekstra kjekt at fleire har begynt skoging i Dalevegen, og at vi snart vert fleire som bygg der. :)

søndag 26. september 2010

Kvifor more seg inne når ein kan mure seg ute?



Laurdag var det dugnad på å setje opp støttemuren bak huset. Vi brukte Asak ministøttemur, som verken skulle støypast eller leggast jern i. I sommar støypte vi fundamentet, så no var det klart for å stable 20-kilos mursteinar oppå. Dei låser seg i kvarandre, slik at muren hallar litt bakover og støttar jordmassane bak huset.

Vi fekk fantastisk god hjelp av pappaLeif, Stein Arne, Stein og Sveinar til muringa. Mødrene våra passa gutane og laga deileg fårefrikasse til middag. Stor hjelp dei også. TUSEN TAKK for at de er så hjelpsame og støttar oss i husbygginga.

PappaLeif hadde leigt ei nyttig lita maskin som var utruleg sterk. Mursteinane var såpass tunge at det heldt med to stk i ei vanleg trillebåre, medan den oransje hjelparen klarte 16 stk i slengen opp bakken. I tillegg var det enkelt å lesse singel opp i lastekassa med skuffa. :)



Etter fire timars arbeid og fem rader med mur måtte vi gje tapt for dårleg sikring og god tyngdekraft. Plutseleg seig 2/3 av muren overende. Vi hadde vurdert han som såpass sikker at vi hadde stabla stein på stein heilt til det skar seg. Konepone fekk nokre solide blåmerke, men elles var det ingen skadde. Heldigvis.

Etter ein liten og taus pustepause spytta vi i arbeidshanskane og rydda vekk knuste steinblokker, og pusla saman muren igjen. Det tok overraskande lite tid å rette opp att muren, og på slutten av dagen hadde vi fått opp til huset alle steinblokkene til muren, og fått sikra baksida av muren med stein, singel og jord. No veltar han i alle fall ikkje.







Vi ventar på nokre hjørne før vi kan ferdigstille austenden av muren. På vestsida må vi kutte til hjørna sjølve, så det vert kveldsprosjektet til mannbrann framover. Elles skal det sjølvsagt stellast til i bakken bakom huset, og så skal vi fylle meir singel mellom huset og muren. Alt til si tid. Ha ei nydeleg solskinsveke.

fredag 24. september 2010

Fått ein vegg, -ikkje møtt veggen

Kort kort oppdatering:
Toppdragar OK
Austvegg OK
Golv 2. etasje OK
Stillas oppe OK
Støttemurdugnad i morgon OK

God helg. Bilete kjem nok etter murearbeidet i morgon.

torsdag 16. september 2010

Takstolar



Måndag kom krana som løfta på plass takstolane. Store endringar på få timar!



Toppdragaren som vart levert var 70 cm for kort, men det kjem ny om ikkje så lenge.



Stillaset er på plass, og arbeidsbrakka også. På heimefronten har vi starta baderomsplanlegginga, og avslutta kjøkenplanane. Ein skulle nesten tru at vi skal flytte inn etter helga, men det kan vere ein fordel å få litt tettare veggar og tak først. Alt har gått veldig fint til no, og vi håpar berre på tørt og fint ver framover. -Ikkje minst for dei som skal sanke sauer laurdag.

søndag 12. september 2010

Fluge på veggen?

No har vi fått veggar, om enn litt luftige enno. I morgon kjem krana og heiser på plass takstolane, så her går det fort framover. :) Det er utruleg kjekt å sjå ut gjennom "vindauga" i hovudetasjen på den flotte utsikta.










Her i framsmettet skal spisebordet stå. Takk til pappaLeif som kom med forslag om å lage framsmett, i staden for å ha ein slett vegg på sør-sida. Det er vi glade for at vi tok til oss. Her blir det mykje god mat og mange kjekke middagsbesøk med tida.

onsdag 8. september 2010

Nattvandring



We`ve got walls!

fredag 3. september 2010

Fredagsrapport



Denne veka har snekkaren og lærlingen hans lagt på reima og bjelkelaget på huset. Vi var ein tur oppi tomta, som vi framleis kallar det, etter middag, og då var arbeidarane der enno. Det lovar godt! Det har vore fantastisk seinsommarver med sol og gode temperaturar, og då har det vore ekstra kjekt å arbeide ute, sa snekkarane. No er golvplatene limte og skrua fast på om lag halvparten av 1. etasje. -Veldig kjekt dei tek jobben med å skrue dei, så slepp vi det når vi skal til med innreiinga. På biletet ser vi også at framsmettet tek form, og der skal det kome høge vindauge etter kvart. Og eg skal få kjøpe store grøne plantar viss eg syns det blir litt vel mykje innsyn. (Bra kompromiss)



Berre så det er sagt, no vert det færre besøk med ungane i tomta, og mykje strengare "hand-haldingsregel" eller "sitje på armen-regel" dei gongane dei er med opp for å kike. Her er mange farar akkurat no.

Her ser de også fundamentet til støttemuren bak huset. Når dei 16 pallane med murstein kjem til Solflekken kjem vi til å ha eit sterkt ønskje om litt dugnadshjelp. Vi veit ikkje enno om det skjer om ei veke eller tre, men når dei kjem må vi pusle mur raskt som berre det slik at pallane ikkje tek opp plass for snekkarane. Heldigvis er det byggjeklossar som ikkje skal ha mørtel eller puss, så vi trur det skal gå greitt. I alle fall med litt berehjelp, om vi er så heldige å få det. :)



Utsikt ned i kjellarstova. :) Men, om 3-4 veker er huset reist og tett viss alt går etter planen, og så går det eit par månader til før huset er ferdig utvendig. :)

Det er så kjekt å kome opp kvar ettermiddag og sjå framstega. Det er mogleg at vi høyrest litt euforisk glade ut, men det er mykje kjekkare det enn å klage fordi det er lenge til vi kan flytte inn. Håpar den optimistiske tonen held seg også uti februar. :)

God helg, alle saman.

søndag 29. august 2010

I morgon :)

...kjem snekkaren! Hurra!
Dei siste to vekene har vi pusta litt på når det gjeld byggjeaktivitet. Vi har berre tinga 14 tonn murstein til støttemuren bak huset.

Forhåpentlegvis vert det meir å skrive om dei næraste vekene.
Vent og sjå. :)

søndag 15. august 2010

Første etappe er ferdig







Her er nokre oppdaterte bilete frå Soflekken bada i sol. Her ser de dei siste endringane vi gjorde førige veke. No er det klart for snekkarane. :)

lørdag 14. august 2010

Kjendishus



Huset og vi har visstnok blitt småkjendisar. Biletet er henta frå nettutgåva til Møre i dag.

I kveld er vi veldig glade og litt tunge i armane og i blikket. Vi har klart å nå målet for sommaren. Vi har sett opp muren, fått støypt både den, vi har støypt plata til huset og plata til carporten, jamna bak huset og pussa deler av muren. Vi treng ein liten støttemur bak huset for at ikkje molda skal rase ned mot huset. Denne muren har vi også støypt fundamentet til. Tusen takk til alle som har hjelpt med mat, arbeid, pass, oppmuntring og rådslaging. Det er uendeleg godt å sjå kor langt vi er komne. Og så er det så godt at gutane også har hatt ein fin sommar trass i mykje bygging.

Til veka kjem snekkarane, og det blir heilt greitt å få ein liten sjølvbyggjarpause no når det er skulestart. Det blir kjekt å sjå at huset veks sjølv om vi er på skulen. Eg gløymde å ta nye bilete av Solflekken i dag, men skal prøve å hugse på det i morgon.

mandag 9. august 2010

Stor dag i morgon

Eit lite innlegg om ei stor hending.
I morgon tidleg kjem betongen og ein kar som skal støype plata inni huset vårt. Det vert spennande å sjå korleis det går, og å få golv i huset. :) Vi er glade vi har leigd fagfolk til denne biten, sidan det er krevjande både med hallinga og å få rett tjukkelse på plata. -Denne hallinga er ikkje som andre hallingar, som mannbrann dansar så lett.

Spennande...

fredag 6. august 2010

I rute i regn



Å kor godt det er med sommardagar der ein ikkje tenkjer så mykje. Med det meiner eg at det er godt å vere i rute med huset, og framleis ha mange feriedagar att. Vi har pussa ferdig på aust, vest og nordsida av muren, starta arbeidet med knasteplast og singling bak huset og lagt armeringsmatter inne. I tillegg ringde elektrikaren i dag tidleg og lurte på om han kunne få legge varmekablar allereie i dag i staden for etter helga. Herleg når ting skjer, -til og med før planen.

Vi heime har hatt besøk av ein liten venn som har leika med gutane. Det er så godt å sjå kor dei har vakse i sommar, og kor fint dei har det i lag.
Nysteikte bollar, regnvèrsleik ute og sjøslag inne.

Flinke mannbrann har tenkt seg på Saudehornet i morgon, og så skal eg få gå på den nyopna interiørbutikken i Ørsta etterpå. Kvar si lyst. :)

mandag 2. august 2010

Puss puss så får du eit hus


Først eit godt lag med fiberpuss på rubba mur.


Fiberduken som blir baka inn i pussen.


No er konepone ferdig med første lag med murpuss på dei sidene av huset der det skal fyllast innåt. Då vert det ei bra overlapping med både murpuss og knasteplast+isopor.

Ein kar som gjekk tur forbi huset stoppa medan eg heldt på. -Eg har aldri sett ei dame pusse mur før, utbraut han. Eg måtte le litt då. Det er faktisk nokså kjekt å pusse mur, og å sjå at ein lagar fin og jamn veggflate i staden for den oppdelte "legokloss"-veggen. Vi må nok vente til etter at vindauga er sette inn på sør-veggen før vi kan pusse der.

Riktig varm sommarhelsing i regnveret. Takk for at du var innom :)

onsdag 21. juli 2010

Ferie og "fyleveir"

Dagen før avreise til Stryn og Lilleputthammer! No ligg tre barn og søv så søtt. -Vi har lånt eitt ekstra i kveld :) Ute fløymer takrennene over, og grautskodda ligg langt nedom Kalsethola. Heldigvis er det meldt sol og finever der vi har tenkt oss, for her er det skikkeleg fyleveir, som vi seier i Stryn. I tomta ligg det litt material utover som ventar på å bli skrapa reine for betongrestar. Der er også ein haug med avkapp av Vartdal-muren. Men no er det ferie nokre dagar. Yngve har vaska bilen, så då kan vi sitje i den utan å måtte ha arbeidsklede på oss.

No er det ei knapp veke før eg kjem innom bloggen att. Eg er litt nyfiken på kven det er som vitjar byggjebloggen vår, så du kan gjerne att eit lite teikn viss du vil:) God julikveld.

fredag 16. juli 2010

Vellukka støyping av mur!





Takk og lov!
Muren vart støypt i dag, og alt ser heilt fint ut. Tuuuusen takk for hjelpa, Stein Arne, Stig, Morten, Gunnar, Sindre, Sveinar og familien elles. Medan konepone hadde med gullebarna til Eid på felespeling, organiserte mannbrann støypinga. Etter ei nervøs natt var det godt å kome i gang. No er vi endeleg ferdig med det som var hovudmålet for sommaren. Det er ein del ting som står att før snikkarane kjem, men no har vi ikkje slikt tidspress lenger. Det skal bli herleg å ha nokre dagar ferie neste veke, for no er vi nokså slitne. Og glade.