lørdag 19. desember 2009

Kart over tomtene i Bratteberg 1, aust



Her ser du ei oversikt over tomtene i det nye feltet i Bratteberg 1, aust. Blå bokstavar L og R tyder Ledig og Reservert. Kvite firkantar med tynn raud strek rundt er kjøpte tomter. Vår er i øvste rekkje, nr 4 frå venstre. Som de ser er tomta til venstre for oss seld, og to av dei nedanfor oss. Vi ser fram til å få naboar allereie frå starten. Det vert kjekt å sjå kven desse er. :)
Etter det vi veit heiter vegen "vår" Dalevegen, og den nedanfor Bratteberg. Vi syns kanskje dei kunne funne på noko meir spenstig, men det får så vere. Johannes meiner vegen vår godt kan heite "Abra hamn", etter Kaptein Sabeltann sin heimstad.

(Kartet er henta frå Sunnmorskart.no)

mandag 14. desember 2009

Stor dag! Kontraktsmøte

I dag, 14. desember underteikna vi kontrakt med Mesterhus. Vi har brukt nokre kveldar til høgtlesing for kvarandre frå kontrakta, leveransepapir, lovverk og andre kloke dokument. No kjenner vi oss trygge på at vi har vore innom det meste, og syns møtet i dag var rett så bra. Vi skal skoge, mure og gjere innreiingsarbeidet sjølve, medan Steinar (far til Yngve) grev tomt og veg. Mesterhus reiser huset og gjer det ferdig utvendig, byggjer bad og stiller med komplett materialpakke og koordinerer arbeidet.
Når vi får teikningane att frå arkitekten tenkjer eg at det blir eit bilete å sjå på også her inne. :)
Tjohoooo, i dag blir det pizzakveldsmat

lørdag 5. desember 2009

Skoging

Vi skriv 5. desember, og i dag har vi skoga om lag halvparten av tomta. Nydeleg ver, nokre grader pluss, og stort pågangsmot. Om ikkje vi kan seie at vi har "sett første spadetak i jorda", kan vi i alle fall seie at vi har "sett første motorsagblad i treet". Yngve starta i ti-tida, og fekk etter kvart hjelp av Steinar. Alice og Stein passa gutane, så Anne Marta fekk hjelpe til med kvistane, eller "strongane" og "skatet", som det visstnok heiter. Stor lykkekjensle av å få byrje på arbeidet. Dette er vi verkeleg klare for. Håpar arbeidslysta held seg oppe i løpet av det komande året.

Vi ser at kommunen har feilmerka tomta i høve til kartet, men det let seg vel ordne med ein telefon til dei på måndag. Det er litt kjedeleg med 12,5 m for smal tomt. Men som sagt, det let seg vel ordne. :) God helg, kjære Solflekkblogglesarar



<