tirsdag 30. mars 2010

Påskekos



I går og i dag har vi vore flittige maur og fylt 132 sekkar med ved frå Solflekken. Enno er vi ikkje ferdige, men no er vi såre i hendene og skal på påsketur til Stryn.



Her ein morgon vakna vi midt i tett skoddehav. Så svippa vi oppom Solflekken. Berre sjå!

onsdag 24. mars 2010

Oppmeldingsmøte

Oppmeldingsmøte i dag, der vi avgjorde husfarge, takfarge, dører, veggar, tak +++ Kjekt og greitt.

For dei som har vore aktivt deltakande i taksteinsdebatten kan vi no opplyse om at vi har valt Zanda Rustikk Antikk, som er ein raud-brun-svart "antikk" takstein. Eller "spraglete mørk raudbrun" som eg vil kalle det. Trur det vil stå fint til lysegrått hus og kvit omramming og mur. Vonar alle tilhengarar av svart takstein likevel vil kome på besøk når den tid kjem.

Med ein gravemaskinførande svigerfar litt ute av spel for tida tek vi livet med ro, og ser fram til ei påske med lamming og familiekos. Når han kjem seg, vert det saaakte graving, og etter kvart mur.

DET ER VÅR!!!

onsdag 10. mars 2010

Vi har gravemaskin!



I dag var svigerfar Steinar oppe på tomta med gravemaskina si. Han hadde sjølvsagt rett i at det var meiningslaust å grave fram tømmerstokkane med handemakt. Då var det mykje meir effektivt med gravemaskin, så klart. I morgon vil han køyre stokkane inn i Hjartåbygda, slik at vi kan sage dei opp og lagre veden der. Det er visstnok så mykje som to lastebillass, så det skal varme godt om eit år eller to. Vi er veldig glade for god hjelp og for lagringsplass. Det hadde ikkje blitt hus utan dei snille og flinke fedrane våre. :)

Vi er også veldig glade for nokre dagar mildvèr og håpar det held fram, trass i at yr.no fortel om store snømengder til veka igjen. No har vi avtalt "utstikking" av huset på tomta, så det får heller bli litt snømoking når det nærmar seg påske.

Det er veldig kjekt at det endeleg skjer noko i Solflekken igjen. Veldig merkeleg å byggje hus akkurat den vinteren det er meir snø enn nokon gong, men det BLIR hus...