lørdag 26. februar 2011

Blå

Veggane i gangsjakta er no ferdige, og han som skal ta mål til trappa kjem på måndag. Vi er faktisk før skjema, men tenkjer golv og listing tek meir tid enn det vi har tenkt på førehand. Så då jamnar det seg ut.


Her er guteromma, med to blå veggar kvar. Fargen kjem ikkje heilt rett fram på fotoet, han er litt mørkare i verkelegheita. Veldig godt nøgd med den. (Gustaviansk blå, glansgrad 10, jotun)




Takk til hjelparane våre i helga, -det er kjekt å sjå så stor framgong for kvar gong. -Sjølv om eg ærleg skal innrømme at vekesvis med sjuke ungar har gjort at eg er nokså sliten og helst skulle hatt nokre ekstra tålmodsgir å skifte til innimellom. Då er det veldig kjekt når vi kan gjere noko kjekt som å ete bollar og drikke kakao ute i 7 plussgrader og sol. :) Og å gå på 3D-kino med kjekke venner etterpå. (Eg vel å heller nemne det, enn å utdjupe det med utålmodigheit og trass...)

God laurdagkveld.

fredag 25. februar 2011

Monstertruck og polkadot

"ÅÅÅ, sidan de bygg hus kan de få det akkurat som de vil!"

Denne kommentaren får vi ofte. Ja, vi KAN få det som vi vil. Eller rettare sagt: Vi kan få gjere dei prioriteringane vi vil. Og må. For vi er fast bestemte på å ikkje bli fanga av verken luksusfella eller andre feller, og vil halde ein nøktern stil når det gjeld nyinnkjøp.

På andre sida er det jo ein del ting vi treng. Og ein del ting vi ønskjer oss... Og interiørinteressert som eg er trålar eg "bladå" etter lure idear. Men korleis klarer ein å få det både lyst og pent og personleg, gjerne landleg og med innslag av retro??? Det fattar eg ikkje. I bladå er det aldri skitneklede. Dessutan er dei reine kleda alltid kvite eller småblomstra og heng på ei hampsnor i hagen mens sommarvinden blafrar i dei. Barneromma har leiker frå bestefars tid, og slett ingen monstertruckar eller plastikkleiker. Kvar er livet gøymt bak alt det kvite og pene med pastellar og polkadottar? Og kva med treningsutstyr, fotballsko og ski?



Ëg ønskjer sjølvsagt at Soflekken skal verte slik som eg drøymer om. Med kvitmåla loppisfunn, vakre polkadot-koppar, heimebakst og masse venner på besøk. Helst vil eg at det skal vere "perfekt" innreia når alle kjem på besøk første veka. Derfor må eg stadig minne meg på at livet ikkje er eit interiørblad. Livet er mykje betre. Med monstertruckar og polkadottar om einannan. Det viktigaste er å vere i lag. Det blir det aller beste med Solflekken.



God, mild og mjuk helg til dei som les dette. Snart 10 000 som har svippa innom. Heilt utruleg. Takk!

Har forresten kjøpt seng, komfyr, steiketopp og ventilatorhette i dag. Håpar på å få tatt meir foto av huset i morgon. STORE endringar :)

lørdag 19. februar 2011

Saturday Night


Ganggolvet i kjellaren er nesten ferdig.


Biletet over og under er frå kjøkenkroken. Det skal kome ei skyvedør mellom kjøkenet og gangen, og ei kjøken-halvøy frå eine vindauget og inn i rommet, så det er vanskeleg å få heilt taket på korleis det kjem til å sjå ut. Men veggar og tak har vi i alle fall!


Frå stova. Tak og veggar er no på plass, bortsett frå veggen mot "trappeholet".









Parketten kom denne veka, og mannbrann fekk god hjelp med mammaAlice og Stein til å bere inn pakkane med golv. Sidan konepone var heime med astmahosteprinsen tok han med ei parkettfjøl heim så eg fekk sjå. :) Snille mannen.

God helg vidare.

torsdag 17. februar 2011

Når vårsol i bakkane blenkjer

... snart i alle fall! (Og så må de gjerne lese innlegget frå 22. februar i fjor. Peder Stol er rett rundt hjørnet)

Har ikkje foto å vise fram i dag, sidan eg sit på sofaen med ringjande øyreverk og ikkje har vore i Solflekken det siste. Men no er kjøkenet og stova nesten ferdig platekledd, og kjellaren er 1/3 ferdig flislagd.

Eg er ivrig lesar av ulike interiørblad for tida, og må innrømme at eg er litt fascinert av slike ord på veggen. "Wallstickers" som det heiter på fint. Veit nokon om ein stad der ein kan få laga sine eigne ord?

Sokkane

Der går du over stovegolvet
Lett på foten flyg du framover
Eg vert sitjande å smile
På føtene har du sokkar
Tjukkesokkar
To ulike tjukkesokkar


Y.V.

fredag 11. februar 2011

Rapport veke 6

Det skjer stadig endringar i Soflekken, også denne veka, sjølv om vi hadde eit anna fokus måndag og tysdag. Minsteprinsen var sjuk og måtte innom barneavdelinga for å få medisin ei natt, men er no på betringens veg og det er så godt. Ingen ting er viktigare enn borna, og når dei er sjuke vert alt anna uvesentleg.

No er arbeidet i gang igjen, og 2. etg er så godt som ferdig platekledd i tak og på veggane. Badegolvet vert støypt medan eg skriv dette her. Det skal stå til tørking dei næraste 6 vekene eller så, før dei kan flislegge det. No er det taket i 1. etasje som står for tur, og flislegging av ganggolvet i kjellaren. Det er veldig spennande å sjå kor det tek form. Konepone er mykje heime i lag med prinsane, og syns det går fint. Likevel gledar eg meg veldig til vi er komne i hus og kan vere i lag alle fire igjen. Det ville vore rart viss ikkje gjorde det...




Biletet over og under er frå loftsstova, og taket i trappegangen. Det grå rekkverket er provisorisk no i arbeidsperioden, og trappa skal gå ned til venstre i trappeholet.





Enn så lenge går stigen opp til vårt soverom, men her vert også vegg med tida. Planen er å gjere ferdig veggar, tak og golv som høyrer til trappeholet, slik at trappa kan tingast. Ho skal lagast etter mål, og har litt produksjonstid.







Konepone avbraut studiet sitt no når minsteprinsen vart sjuk. Det var mykje fram og tilbake og om og men, men det er eigentleg ein lettelse no når avgjerda er teken og eg har sagt frå til alle involverte. Forhåpentlegvis går det i orden å starte på att neste gong studiet er. No prøver eg å ikkje tenkje meir på det, men å fokusere på born, hus, heim og jobb. Det er travle tider, men likevel boblar eg nesten over av kreativ skapartrong no når våren nærmar seg, og skulle gjerne hatt mange timar ekstra i døgnet til å måle loppis-funn og andre ting. Det får vente litt til... Men no når eg er heime med pjuskeminsten gler eg meg over at sola kjem inn i Sollida meir og meir for kvar dag, og at det går mot vår. Håpar på friske tider både for oss og deg som les dette her.

lørdag 5. februar 2011

We`ve got walls 2

Førige innlegg med denne tittelen handla om at vi hadde fått veggar på huset. No har vi altså fått teke til på å plate innerveggane. Det er veldig kjekt å sjå at det tek form og at det blir store og lyse rom. Vi har Huntonit ferdigmåla veggar over alt, men i ulik profil. På soveromma har vi smale "gammaldagse panel"-plater, og på loftsstova og i 1. etg har vi den som heiter "perle". ALt i kvitt, men det er ikkje så kvitt som eit kopipapir altså. Meir som eggeskal. Veldig godt nøgd med det.
Og så skal gutane få ein blå vegg, og konepone få ein grå vegg eller to i stova.

I dag har mannbrann og pappaLeif laga til loftsstova og avretta kjellargolvet så det er klart til flislegging. Det er eit poeng å verte ferdige med trappe"sjakta" slik at trappelagarane får kome og ta mål og lage trappa. No er der berre stigar, og eg GLEDAR MEG til å sleppe dei, men å kunne trippe opp og ned i ei skikkeleg trapp.


Dette er frå Master of the House sitt soverom




Vi har fått pipe!


Frå loftsstova. Etter at fotoet vart teke er også resten av veggane så godt som ferdig plata.


Eit av guteromma.


I dag laga konepone telt på kjøkenbordet og varma bollar og aniskringler i omnen medan gutane var opptekne i stova. Så laga eg invitasjon til telttur, og putta den i ein konvolutt. Dei syns det var kjempekjekt å oppdage at kjøkbordet var blitt til eit telt, og at der var mjelk på Sabeltann- og Lynetflasker, og deileg bakst. ÅÅÅ så kjekt å sitje i lag med to godingar under kjøkenbordet og ete lunsj. :) "Gullestund" kallar eg slike stunder.

Må berre også takke mi søte storesøster for ei herleg kasse med låne-spel, kakebakst-posar, kakepynt, interiørblad, lommelyktbatteri, plastallina osv, og ei lang idèliste til kva ein kan finne på å gjere i lag. Det er farleg å starte på ei takkeliste, for då er det alltid nokon som blir litt skuffa. Vit at vi set uendeleg stor pris på alle gode oppmuntrande ord, hjelpande passe-hender og heimelaga brød. TAKK!

God helg alle saman!
Mr and Mrs Master of the House (-keeper of the zoo)