lørdag 30. januar 2010

Snøflekken?

Lite nytt frå Solflekken for tida. Kanskje vi heller skal kalle det Snøflekken, for med ein meter snø er det ikkje så lett å sage. Menmen. Vi er strålande nøgde med at det berre står att 8 tre, og å køyre vekk eit par lastebillass med "staur". Elles er nabovarselet sendt ut, og vi håpar på rask handsaming av den kommunale byggjesøknaden.

Oppi lida der det snør
kjem det snart eit hus med ei dør
Der kan du få banke på
Vi skal sei: Kom inn og sjå!
Du skal få ein kaffiskvett
og mat så du vert glad og mett

Enno er der kaldt og kvitt
og slik endar diktet mitt

(Yngve og Anne Marta)

onsdag 20. januar 2010

Planløysing

Hovudinngangen er i kjellaren. Den observante blogglesar vil sjå at det er berre rommet i midten av denne etasjen som vert møblert og innreia i starten. Der blir det ein stor gang med varme i golvet.

I hovudetasjen finn du allrommet med kjøkenkrok. Der kjem vi til å setje opp ei øy eller ein benk som deler av rommet litt. Frå vaskerommet er det dør ut bak huset, og attmed er det lisje-do. (Ikkje ute altså, men attmed vaskerommet)

På loftet er det tre soverom, bad og ei loftsstove.
Teikningane er ikkje så veldig tydelege når dei er forminska så mykje, men dei viser litt i alle fall.



tirsdag 19. januar 2010

Husteikningar



I dag fekk vi dei endelege teikningane av huset vårt. Vi har teke utgangspunkt i huset som heiter "Nanna" i Mesterhuskatalogen, men har endra ein god del. No er vi veldig godt nøgde, skulle nesten ønskje at det er som i "Teikneby" i Barne-TV, der teikningane berre 'poff' vert verkelege. :)