mandag 31. januar 2011

6 tonn plater i hus!



Vel... Det skal seiast at der er nokre fleire platehaugar i huset enn det som viser på fotoet. :) I dag kom lastebilen med alle tak- og veggplatene til Solflekken. Stor takk til Steinar, Stig, Sindre, Anders, Morten og Gunnar F for god berehjelp i lag med mannbrann.

I morgon kjem sannsynlegvis pipa. Det blir spennande å sjå om det akkurat då kjem bøttevis med regn i øvre Bratteberg. Litt sommarfuglar i magen.

Konepone og mannbrann

lørdag 29. januar 2011

Klart for plater!

I dag har vi hatt ein herleg dag på leikeland i Spjelkavika, i familiens teikn. Første fridag i lag på aldri så lenge, og det gjorde godt å få vere i lag og å lufte seg litt. Eigentleg skulle materialen til tak og veggar kome med lastebil fredag, men vart utsett til måndag. KJedeleg, sidan vi hadde kalla inn dugnadsgjengen til fredag. Håpar dei som hadde sett av ettermiddagen ikkje vart altfor skuffa over å få fri. No står huset og tørkar, slik at stendarane skal vri seg ferdige. Så kan vi rette på dei før vi spikrar på veggplatene.
For dei som lurer så er vi ikkje så einspora som denne eposten kan gje uttrykk for. Men denne bloggen er ein byggjeblogg, så då blir det mykje bygging. :)



Badet til venstre, og eit guterom til høgre. I kottet bak badet ligg ventilasjonsrør og alt som har med det vegghengte doet å gjere. Vi tenkte eigentleg å ha eit standard-do, men så vart røropplegget slik at då ville vi sitje med låret inn mot veggen, og det er jo litt småkjedeleg. Derfor måtte vi (huff så leit) til med vegghengt.


Her ser vi ytste hjørnet i stova, der det etter kvart vert ein "glane-boks" og sofa


Pianokrok og utsikt mot sør.


Her skal spisestova/kjøkenbordet stå. Håpar på mange kjekke besøk, gode samtalar og måltid i "framsmettet". Eg skulle ønskje døgnet hadde eit par timar ekstra i døgnet, for eg har sååå mange planar. Måle kjøkenstolane, loppis-skjenken og guterom-bordet til gutane, . Jaja. Det får bli litt langsmed. :)



Kjøkenet, med opa løysing til stova. Her blir det ei kjøken-halvøy med ventilatorhette over.


Vaskerom!


Her er loftsstova ferdig plasta. Mykje arbeid med vinklane i taket, seier dei som har jobba med det. Her er det ei fantastisk utsikt når det er lyst. :)


Eine guterommet, med det koselege vesle vindauget. Vi droppa tak-vindauge, fordi vi ikkje hadde lyst på regn-tromming på glaset, og eventuelle lekkasjar. Men lover og reglar om kor mykje lys som skal kome inn på så og så mange kvadratmeter tilsa at vi måtte ha eit lite vindauge på veggen. Eg syns det er heilt topp!

Til veka ventar vi pipe, material-leveranse og varmekablar og støyp på badegolv(ikkje vi som skal gjere)
Ønskjer akkurat DEG alt det beste for veka som kjem. Eg gler meg over ein lys rosa tulipanbukett på bordet her. Snart kjem våren. Snart.

søndag 23. januar 2011

Solflekk-søndag

Den siste tida har det blitt sjeldne og ikkje særleg utfyllande blogginnlegg. Det kjem slett ikkje av at vi har lagt ned arbeidet i sjølve huset. Elektrikarane er stort sett ferdige, og rørleggarane har att eit par dagars arbeid før det er klart for å leggje fuktsperrer i alle ytterveggar og tak, og isolasjon i innerveggane.

Mannbrann har lagt fuktsperre ("plasta") i veggar og tak på eine barnerommet i dag. I det heile er vi veldig godt nøgde med storleiken og utforminga på romma. Det blir spennande å sjå korleis det vert med veggplater og møblar.

Onsdag, torsdag eller fredag komande veke kjem det eit lass med tak- og veggplater. Dersom du vil vere med på dugnad er vi takksame for kvar ei hand som kan hjelpe til å bere inn det som kjem.

Laurdag hadde mannbrann og konepone ein runde og tok ut flisar og undersøkte prisar på kvitevarer. Det er skummelt kjekt å ha slike rundar. Ikkje kvar dag ein får "anbod" på 5-6 kvitevarer/"brunevarer" i slengen. Vi er vande til å leve nøkternt, så det er nesten til å få mageknip av slike summar.

Ha ei god veke.
Eg drøymer om sommarvind....

mandag 17. januar 2011

KORT rapport frå Solflekken

Hei du der ute i blogglandia

Vi er no ferdige med alle lettveggar i huset vårt, og elektrikaren har starta på arbeidet sitt. :) Fullt tempo, og vi er sååå glade og takksame for hjelp på alle område. Vi er jammen heldige som har så gode og trufaste støttespelarar.

Dårleg med bilete denne gongen. Kjem sterkare att.

konepone

onsdag 5. januar 2011

Full fres!



NO er vi i full gang med lekting, ventilasjon og etter kvart sentralstøvsugar og lettveggar. Hurra! Arbeidsfordelinga seier seg sjølv, med konepone heime hos gullgutane, og mannbrann i nyehuset på kveldane. Utebileta tok vi søndag, då vi moka snø i Solflekken alle fire. Tre timar ute, med snø til godt over brystkasse-høgd på minsten. Ei riktig god-stund i lag.









Ønskjer alle der ute eit mildt og mjukt 2011.