fredag 6. april 2012

mei-tai bæresele
For ei stund sidan var eg på Åhlens og kom over dette grøne stoffet som eg fall for. -Mjuk og kraftig cordfløyel som passar perfekt til ein bæresele. Det er uendeleg mange oppskrifter på ulike bæretøy på nettet. Eg fekk låne selar med to venninner, og i lag med oppskrifta i "Made by me" laga eg ein Solflekken-mei-tai til minsten, som er på veg. Det blir spennande å sjå kor brukande bæreselen er når alt kjem til alt. Framleis god påske!

tirsdag 3. april 2012

Omdisponering?

No er det ei stund sidan siste bloggoppdatering. Etter innflyttinga i fjor sommar stoppa det naturleg opp sidan vi ikkje hadde internett ei stund. Dessutan var vi meir opptekne av å flytte inn og kome i orden, enn å skrive om kor vi lengta etter å flytte inn og kome i orden. No vurderer eg å omdisponere bloggen til å bli ein "altmoglegblogg", med nokre kvardagstankar, sy- og strikkeprosjekt og litt om hus og heim. Eg må ruge litt på denne tanken, og gje Soflekken-bloggen eit ansiktsløft før eg set i gang. Heng med, så får du sjå korleis dette går. God tysdagskveld.