torsdag 31. mars 2011

oj så lenge sidan...

Altfor lenge sidan oppdatering med foto og slikt. Har eit mål om å ta bilete i helga, men time will sjåv. Brukar tida til å faktisk byggje, og ikkje til å knipse bilete. ;) Dessutan freistar det meir med strikking dei kveldane eg er heime. Bloggtørke er eit ikkje ukjent fenomen vil eg tru.

I kveld kom trappa, og då er det kanskje ikkje så mange dagane til montøren kjem. Det blir FANTASTISK å kunne fyke opp og ned trappa i staden for å klatre i trapper heile tida.
Elles er alle flisgolva ferdig lagde og fuga. Takk for god hjelp frå dei som har vore involvert i praktisk arbeid, pass eller brødbaking. ALt hjelper. :)

Kan elles tipse om www.dengodefeen.blogspot.com som fekk prisen for Årets nynorskbrukar. Veldig munter, inspirerande og oppbyggjeleg blogg som er verd ein visitt.

GOd helg snart.

Konepone

torsdag 24. mars 2011

Foccacia :)

Lovde å sende denne oppskrifta til snille Alice, og tenkte at då kunne eg like godt leggje oppskrifta her så fleire kan snappe henne med seg.

FOCCACIA:

7 dl vatn
25 g gjær (Ein halv pakke altså)
3 + 1 ss olivenolje
1 1/2 ts salt
1/2 ts sukker
ca 14 dl kveitemjøl

Lag ei laus deig, den skal ha konsistens som tjukk graut. Tilset den siste ss olivenoljen mot slutten slik at oljen smører seg rundt deiga. Dekk bollen med plastfolie, og lat heve i ca 30 minutt. Hell deiga i smurd langpanne/kledd med bakepapir. Klapp ut til deiga dekkjer forma. Etterheve utan plast ca 30 minutt. Hell over litt olivenolje, stikk "hol" i deiga med fingertuppane. Dryss litt grovt gourmetsalt over. Eg brukar å blande litt riven ost og litt pizzakrydder i deiga.

20-30 min, 200 grader. (Ikkje varmluft)

Smakar vidundarleg med "fyll":
-8-10 soltørka tomatar
-5-7 skiver salamipølser
-15-20 svarte oliven
-1-2 fedd kvitlauk
-raudlauk
-2 ts provencekrydder/pizzakrydder
-riven ost.

Nyt! (Ein kan godt fryse restane til seinare)


søndag 20. mars 2011

Karmar


Yngve har teke til å montere glaskarmane, så dei er klare for listing. Dette vindauget er på lisjedo.


Måndag la konepone flis på vaskeromsgolvet. Stolt og nøgd, og syns det vart rett så fint og flatt. I dag har eg stått på kne og skrapa flislim mellom flisane. Det er verkeleg forskrekkeleg kjedeleg arbeid og eg kom ikkje halvvegs ein gong. KJærevene. Verre enn å plukke rips. :) Jaja. Det vog opp at eg fekk pussa ferdig og måla limtredragaren i stova også. Takk for god barnepass i Hjartåbygda!


Dette skapet skal bli lyst med tida. Kjøpte det på Røde kors sin loppemarknad i haust. Vi har køyrt det opp i Solflekken allereie no for det er betre å få pussa det der.

Ha ei god veke, og nyt snøklokkene som kanskje poppar opp snart.

torsdag 17. mars 2011

Geléarmar

Eg har ikkje gløymt dykk. Eg hadde ein klar intensjon om å skrive litt her i dag, MED bilete av dei siste oppdateringane. Men det får bli foto i neste snutt i staden.

No er våren komen til Volda, og det er vi sjølvsagt glade for. :) Litt etter litt smeltar snøen utanfor huset, og moldhaug-tomta vår kjem til syne. Trur ikkje vi får fritidsproblem med det første. :) I går la konepone flis på vaskerommet, og mannbrann testa ut glaskarmbygginga. Listene, karmane og dørene er komne til gards, så det blir hovudfokus dei næraste vekene når det gjeld byggeaktivitetar. Med geléarmar etter flislegginga i går, og gelébein etter slalåmkøyring i dag tek eg kvelden. Dette har vore ei god veke :)

Natti...

mandag 7. mars 2011

Meir golv

Her er nokre foto av dei golva som er ferdige. Elles kan eg nemne at i dag har vi tinga vaskeromsskapa og benkeplatene, og henta ventilatorhetta. -Veldig glad for alt arbeidet vi har gjort for nokre månader sidan med å tenkje ut lure løysingar, slik at vi no kan surfe inn...




Pocketkarmen til skyvedøra er montert.





Over: SOverom
Under: Stove med golv





Dette er HEILT tilfeldig. Konepone sine fullkorns-"Skorpor" ser brått litt stakkarslege ut ved sidan av sine søte søskenbarn "Muffins" og "Gulrotkake". :) Snart bursdagsgut i heimen, hurra!

Ha ein god marskveld.

torsdag 3. mars 2011

"Lägga parketten själv, det kommer nordbaggen aldri klara åt!"

Åjaudå, desse nordbaggarane er så flinke som berre det. I dag har dei gjort ferdig nesten heile stove/kjøken-rommet. Konepone og turboprinsane kom på visitt, og gutane vart så glade for å få lov til å gå på sokkelestane og utan jakker på nyegolvet. D









Det siste biletet her er frå vaskerommet.

Ha ein god og frisk kveld der ute.
PS. Det er lov å leggje att ein kommentar om du har vore innom bloggen, altså. ;)