onsdag 21. juli 2010

Ferie og "fyleveir"

Dagen før avreise til Stryn og Lilleputthammer! No ligg tre barn og søv så søtt. -Vi har lånt eitt ekstra i kveld :) Ute fløymer takrennene over, og grautskodda ligg langt nedom Kalsethola. Heldigvis er det meldt sol og finever der vi har tenkt oss, for her er det skikkeleg fyleveir, som vi seier i Stryn. I tomta ligg det litt material utover som ventar på å bli skrapa reine for betongrestar. Der er også ein haug med avkapp av Vartdal-muren. Men no er det ferie nokre dagar. Yngve har vaska bilen, så då kan vi sitje i den utan å måtte ha arbeidsklede på oss.

No er det ei knapp veke før eg kjem innom bloggen att. Eg er litt nyfiken på kven det er som vitjar byggjebloggen vår, så du kan gjerne att eit lite teikn viss du vil:) God julikveld.

fredag 16. juli 2010

Vellukka støyping av mur!





Takk og lov!
Muren vart støypt i dag, og alt ser heilt fint ut. Tuuuusen takk for hjelpa, Stein Arne, Stig, Morten, Gunnar, Sindre, Sveinar og familien elles. Medan konepone hadde med gullebarna til Eid på felespeling, organiserte mannbrann støypinga. Etter ei nervøs natt var det godt å kome i gang. No er vi endeleg ferdig med det som var hovudmålet for sommaren. Det er ein del ting som står att før snikkarane kjem, men no har vi ikkje slikt tidspress lenger. Det skal bli herleg å ha nokre dagar ferie neste veke, for no er vi nokså slitne. Og glade.

tirsdag 13. juli 2010

Ferdig å pusle mur!

Etter intens jobbing med mur-puslespelet siste dagane er vi no ferdige med det! Det er ubeskriveleg herleg å sjå kor det har vakse opp av moldhaugen.
Vi har hatt litt problem med feillevering av murelement, og har brukt litt ekstra tid på å få det til. -Kombinert med tidvis ausregn og alvorlege mengder knott og mygg siste dagane, er det heilt utruleg at vi har komt så langt som vi har gjort.

Heldigvis har vi fått masse barnevakt dei siste dagane av farmorAlice, og det er vi veldig takksame for. Då har også konepone fått saga byggeklossar i høveleg storleik, klatra i stillas og klaska klossane på plass. Og så har vi fått mykje god hjelp frå pappaLeif, Steinar og Stein Arne. Og mannbrann er så uthaldande og flink at det må vere lov å skryte litt av han. Det har vore veldig kjekt med hjelpande hender siste dagane, for no ser det ut til at det vert støyping av muren torsdag. Kryss fingrane for det! I morgon gjer karane sikringsarbeid slik at muren er heilt stabil, og ikkje flyttar på seg, bular eller sprekk når betongen kjem.






lørdag 10. juli 2010

Boble

Jauvisst finst det andre ting i verda enn husbygging.

Venner får barn.
Nokre er på ferie.
Kanskje ein eller annan er sjuk.
Somme har kanskje heilt vanlege kvardagar.

Vi er visst i ei slags boble der det einaste som står i hovudet er å lage husmuren ferdig i tide og å ha bra dagar i lag med godingane våra. Men vi kjem att til den vanlege verda ein gong, trur eg. :) Takk for at de er tålmodige.

God julilaurdag

torsdag 8. juli 2010

Torsdagskveld i Sollida

Sofakveld medan mannbrann jobbar med store legobyggeklossar oppe i Solflekken.

Gutane og eg har hatt nokre fine, og litt lange dagar i feriemodus. Godt å merke at turtalet deira også går ned når dagen ikkje er full av "burde-burde". Vi svippar oppom tomta av og til, grev litt med leikegravemaskina der, måler diagonalar med sjefssnikkarpappaen og et ein sjokoladebit. Vi er veldig stolte av han som står på for vår del, for at vi skal få hus. Og så saknar vi han sjølvsagt også.

Vi er no i gang med muren, og har eit lite press på oss til å få den ferdig og sikra i tide til slutten av neste veke. Då må betongbilen kome og fylle muren, før arbeidarane tek ferie. Det er nervepirrande, men vi er fast bestemte på at det skal gå.

Men i kveld er det sofa. Og venting. På nytt frå han som tryllar hus til oss.

mandag 5. juli 2010

Vårt hus skal byggjast ut av gledje!

...og betong, tre og jarn:)
I dag var det dugnad då fundamentet skulle støypast. Gunnar, Steinar, PappaLeif, Yngve og Johannes var veldig flinke, og resultatet vert avduka i morgon. Då skal kassane vekk. Attpåtil slapp vi å lage middag, for det kom "take-away-fiskegrateng" frå Stryn.

Det er så kjekt å sjå kor det tek form. Vi har drøymt om huset så lenge, og er så glade for å vere i gang. Og no er vi det verkeleg!

For dei som er nyfikne og har vore opppom Solflekken: Innkøyrsla til huset er laga til slik at anleggsmaskinene kan kome seg opp til huset, men vi er så klart ikkje ferdige med muren og med å fylle masse der hagen skal vere enno. Her må vi tenkje fleire kloke tankar før vi bestemmer oss. Vi treng dessutan ikkje så stor oppstillingsplass seinare, så sjølv om det er heilt supert tillaga no får vi endre på uteområdet når byggjearbeidet går mot slutten. Men du verda kor lettvint Steinar har laga det til, med plass til alt frå betongbil til murleveranse frå Vartdal plast.

Ha ein vidunderleg sommarkveld.






torsdag 1. juli 2010

Fundament i SOLflekken

FOR ei kjekk veke dette har vore, med tanke på alt som har skjedd opp i Solflekken. Steinar har gjort ein kjempejobb med å grøfte og leggje ned alle slags rør både for å føre vatn inn og ut av huset, straum og andre ting som skal liggje ned i bakken. No har gravaren rydda så fint rundt der huset skal stå, så det er lettvint å køyre lastebil opp og lesse av mur og materiale. Gravemaskina er flytta, og vi er veldig takksame for jobben i Solflekken, svigerfar!



Konepone og gutane er oppom kvar dag og sjekkar framgongen. Johs er ein skikkeleg arbeidskar, og nyttar kvart høve til å krafse litt i grusen, eller å spikre litt på ein forskalingsplanke. Lisjebroren er litt meir forsiktig, men han vil også helst berre springe rundt der oppe, og blir betutta når vi køyrer derifrå. Denne veka har gutane vore i barnehagen, og då har også konepone fått hjelpt til litt, og er veldig glad for det. Det er stas for oss begge å kunne byggje huset vårt i lag, sjølv om mannbrann naturlegvis er mest aktiv i bygginga.

I dag har pappaLeif komt frå Stryn og vore sjefs-forskalingssnikkar. Uvurderleg hjelp også frå den kanten. Vi brukar leigde forskalingskassettar som vi forsterkar og koplar saman med plank og spikar, og nokre spesialsnikra kassettar. Alle vinklar må naturlegvis vere heilt rette, og i water. Dei kom imponerande langt i dag, hurra hurra! Meir slikt arbeid i morgon, og så vert soleringen støypt måndag. Uendeleg godt å sjå at no veks huset også over bakken, og ikkje berre nedi jorda og bak i fjellet.