onsdag 28. april 2010

Sånn går nu dagan

Det er heilt rart og veldig kjekt å sjå på besøksteljaren at det har vore 1100 treff på Solflekken. Takk for at de er interesserte i huset som skal kome, det opptek oss også. Det festlegaste er at det er så mange treff på bloggen, og så lite som skjer i tomta akkurat no. :)

Det er farleg å skrive oppstartsdato for graving, men vi vonar det ikkje er så veldig lenge til. Som plan A har vi å få grave og reise mur mellom 17. mai og 1. juni. Så får vi sjå om det går. Det viktigaste er å ikkje mase på den ny-friske gravaren.

Enn så lenge gledar vi oss over å vere i lag, for heldigvis er det slik at folka er dei same i gammalt og nytt hus. Dei vil vi ikkje byte for alt i verda. (Kanskje pusse opp av og til, men... )

søndag 18. april 2010

Ka e det so skjer????

Veret har gått heilt bananas. Vi ser ut glaset, og alt er kvitt! Ikkje ein gong litt oske å sjå, berre snø.

Lett frustrasjon.

Men, held på å pusse opp litt møblar, og øve meg (AM) på å vere tålmodig. God søndagskveld.

lørdag 10. april 2010

Situasjonsrapport

150 sekkar og eit vedalad på 10m x 1,6 m står til tørk i Hjartåbygda. Takk til pappaLeif og pappaSteinar for all god hjelp med veden!

Byggjesøknaden er godkjend, og det er vi sjølvsagt veldig letta over.

Komande veke vert huset stukke ut på tomta, og etter det er det kanskje ikkje så lenge til graving.

Vi gler oss!