lørdag 30. april 2011

Kom mai, du skjønne, milde

Gullegutane overnatta hos farmor natt til i dag, og vi var på rangel. Laaang frukost og koseleg besøk i heimen, før Yngve starta på dagens Solflekken-økt. Vi hadde tenkt å vente nokre dagar med dørene, men så låg dei så kvite og fine og ropte på oss. Så då sette Yngve inn to dørkarmar! Hurra for han. Konepone hadde akrylfugemasse i spikarhol og måla nokre taklister. Babysteps... Men det ER faktisk ikkje så lenge igjen, det er berre ikkje alltid så lett å vere tålmodig.


I etasjeskilja mellom kjellaren og første etasje er vi ferdige med listinga, og slik ser det ut no.


Inn mot eine guterommet. Steikje fine dører...


...her sneik det seg visst inn eit foto av listinga nede i kjellaren...




Sidan vi valde å lage til gjestebadet i "første byggjesteg" (fordi varmtvasstanken skal stå der), blir det til at vi steller i stand gjesterommet også. Her har Yngve og pappaLeif laga til stendarar og sviller.


Det er ikkje berre mot sørvest at utsikta er fin. Her mot søraust ser vi Driveklepp.


Og så har vi hatt besøk av elektrikar og fått brytarar, stikkontakter og ringjeklokke.

Og så har vi tinga oss leikehytte, fordi det var slikt eit knakande godt tilbod på buda. Den får heller liggje flatpakka til vi har fått oss flatt uteområde. Det vart det i staden for innihampen dyre "screen"-uterullegardiner til stoveglasa. For å seie det slik så kosta leikehytta 1/8 av det screenen kosta:) Kan neppe brukast til det same, men her gjeld det å prioritere beinhardt. Det er mange fine lamellar/innerullegardiner også som vi kan prøve ut.

Vil berre igjen presisere at vi er ikkje fullt så einspora til vanleg. No er vi i ei boble og eg er den første til å innrømme at det heilt sikkert ikkje er så lett å føre ein normal samtale med meg/oss.

Det beste med å ha barnevakt denne gongen var at eg rakk å lengte etter gutane. Vart mint på kor viktig det er å vere tilstade "oppi hauda" når ein er i lag med dei. Ikkje tenkje på listemåling og rullegardiner. Berre vere her. no. no.

"Sjå mamma! Vi har funne ei øy! Det går an å flyte kvitveisar nedover elva! KOM og SJÅ då! NO! :)"

DET er det viktigaste.








lørdag 23. april 2011

FOR ein dag!!!

I år gjekk vi rett frå vinter til sommar, trur eg. Ikkje kvar gong at ungane får bruke ullsett og regnklede, og shorts, same veka. To lykkelege og litt solraude smågutar fulle av is og grillmat ligg no i sengane sine. Heilt herleg.

Vi vaksne har fått rydda litt utanfor huset i dag, og måla nokre lister på vaskerommet og i gangen. Vi er så takksame for at prosessen har gått så bra til no, og for at vi snart kan flytte inn. No er det sokkepåbod i trappa, og vi spekulerer litt på korleis vi skal verne henne medan siste listearbeidet vert gjort, og kjøkenet blir montert. Nokon som har eit godt forslag?




Minsteprinsen bobla av glede og stoltheit i dag, då vi viste fram huset til T og GH












"Tihi! Ej e fått mej møbla på rommet mitt!"

Med ønskje om ei god natt med milde draumar

torsdag 21. april 2011

Påskehelsing

Heia
No har vi hatt nokre kjekke dagar i Stryn, og det gjorde godt. Det er så godt å lufte seg litt, og å treffe alle i koneponefamilien att, og nokre venner attpåtil. :) Minsten måtte sjølvsagt vere litt sjuk eit par dagar, men no er han frisk att. Det er så godt å kjenne at det vårast, og godt å vere i lag. Det har vore ein lang vinter, og no kjenner ein at både kropp og tanke vaknar igjen. :) Vil ut!

Måndag la mannbrann og konepone parkett i loftsstova, og vi hadde sjølvsagt gløymt fotoapparatet att heime. Sukk... Får håpe vi hugsar det ein av dei næraste dagane.

God påske så lenge.



(Biletet er lånt frå minskole.no, eller rettare sagt frå googlebilete.)

torsdag 14. april 2011

Siste langside

Det er litt pussig. Kvar gong eg kjem opp til Solflekken tenkjer eg "Å, så langt vi er komne!" Kvar gong eg fer derifrå tenkjer eg "Hm... Jammen mykje arbeid att..." -Og det er sjølv om eg gjer ein god del medan eg er der?!?! Omvend psykologi på eit vis.

Men. No er det snart påske. Vidunderleg med vår i lufta og lette sko på føtene. Vi er ferdige med 80% av listinga, og har også begynt å måle det siste strøket på ein del lister. Kjellarbadet er klart til å få baderomsplater på veggane. Muraren held på med hovudbadet.
Så kjem dørene med karmar på plass. (Heilt av seg sjølv så klart)
Så kjem kjøkenet på plass.(Heilt av seg sjølv så klart)

Poff. Ferdig. Nedvask. Innflytting. Vafle på verandaen.

God helg nokså snart. :)

onsdag 6. april 2011

Trapp!


O store glede! I dag vart trappa montert, og vi er veldig godt nøgde med henne. Ikkje minst var det fantastisk å kunne trippe lett opp til loftet og at Andreas kunne gå opp. Han har vore forkjøla og astmapjusk nokre dagar, men betre no heldigvis.

No ser huset meir og meir innflyttingsklart ut, sjølv om det står att ein del lister og dørkarmar. Handtverkarane skal starte på det på måndag, og kjøkenet første veka i mai. Så det ligg an til innflytting første dagane i juni. Hurra!



I trappa mellom første og andre etasje er der eit lite vindauge. Veldig glad for at det ikkje kom akkurat der trinna skal vere. Då er det betre at rekkverket sneiar hjørnet i staden.

I går kveld var vi forresten på Kid i Ulsteinvik og handla rullegardiner, persienner og lamellar til den store gullmedalje. -På sal. Godt å ha fått dei i hus, så kan dei monterast i ein fei etter nedvasken.

Så har vi nesten kjøpt eit langbord på Kolbotn, men slått det frå oss i siste liten. No går vi for Ikea sitt "Norden", med plass til maaaange gjestar. Kjem du?


mandag 4. april 2011

Roger



Dette er Roger, mannbrann sin kjære recliner frå januar 2000. Roger har opplevd mange laurdagskveldar med fotball, gravide konepone-kvildar, karusellturar med turboprinsane og lesestunder med Yngve og Maarud paprikachips.

Trass i mange gode opplevingar i lag med Roger har han vorte ein kime til diskusjon i heimen siste tida. Saka er den at konepone syns Roger godt kunne hatt godt av ein make-over, noko som er nokså vanskeleg å få til for ein recliner. Det er fleire stolar i "bladå" som er både freshare og snertnare. Mannbrann er enno blenda av kjærleik til Roger, og har ikkje sett det konepone ser av nuppar og appelsinhud både her og der på den stolte lenestolen. Det heile toppa seg her ein dag då konepone støvsugde rundt Roger og fann ein knekt bolt (!) som låg på golvet attmed. Konspirasjon, tenkte mannbrann. Kva er oddsa for at Roger tener oss trufast i 11 år, for så å falle frå kvarandre TILFELDIGVIS to månader før vi flyttar inn i Solflekken?

Det hjelper kanskje heller ikkje å seie til mannbrann at Roger har flytta til "Ein gard på landet med kaniner og høner", og at vi berre kan kjøpe oss ein ny stol?
Nei, Roger, du kan ikkje erstattast. Men det blir ein tung dag (bokstavleg tala) for mannbrann når du skal lempast over kanten på Bøstrand sin container...

;) Ha ein fornøyeleg dag.

fredag 1. april 2011

Karmar og lister

Og så var vi tilbake med nokre bilete igjen. I ettermiddag var konepone og pappa i huset, og då var det taklister og glaskarmar i fokus. Veldig triveleg var det! Yngve har vore sjuk denne veka, og har verken fått vore på jobb eller i nyehuset. Heldigvis ser basilluskane til å ta til vit no, og trekkjer seg tilbake i stillheit. Ikkje kjekt med sjuk mannbrann, så det er godt han er på betringens veg


Her er vaskerommet, med ferdig flislagt golv og fuger. Døra skal sjølvsagt skiftast ut når alt er ferdig elles i rommet.


Utsikt frå "framsmettet", der kjøken- og spisebordet kjem til å stå. Herleg med dagslys utover kvelden.


Etter at dette biletet vart knipsa har vi lagt taklister også inne i sofa/TV-kroken


Lisjedo. Utan lister, men med golv. :)


Du er med dette invitert til å kome med eit godt namn på denne kjøken/stove/ete-kroken. "Framsmettet", "Luksusfell" og "Velstandsvorta" er lansert, utan at alle partar er heilt nøgde med det.


Listene rundt kjøkenglasa kom på plass i dag.


Meir "framsmett".

Vi vurderer å avslutte bloggen no, men kan evt. overtalast til å halde fram dersom det kjem nokre kommentarar som seier at det er ønskjeleg at vi held fram. ;)
God helg kvar enn du er i verda.