torsdag 24. juni 2010

Frå ein 4-årings ståstad


Johannes var med papsen og farfar "på jobb" og fekk knipse det han såg med fotoapparatet. Resultatet vart nærare 80 bilete av alt mogleg. Herleg å sjå verda frå hans perspektiv. Ungane har skjønt at det tek laaang tid før vi kan flytte inn i nyehuset, og har slutta å spørje om kor tid det skjer. :)







Ovanfor ser du at Johs har dokumentert at drensrøra er på plass.

No er sikringsgjerdet på plass, og vi håpar indarleg at ingen vasar seg ned i den djupe hôla, som etter kvart skal verte kjellargolvet vårt. Steinar og Yngve har funne fjell i bakkant av tomta, og i kveld har dei bora 32 hôl som skal fyllast med dynamitt i morgon. Pang, så blir det så bra så.

Konepone har på si side også ordna hus-ting i dag: Utforming av vindaugsomramming, utsjånad på verandarekkverk, og så har eg vore å fått teikna vaskeromsinnreiing. Veldig god hjelp av Elin til det siste :)








mandag 21. juni 2010

Målet




Yngve har reklamert for bloggen på jobben sin, og har fått tilbakemeldingar på at det hadde vore kjekt å sjå bilete av huset. Her er fronten, og ein kan finne fleire teikningar på dei første innlegga i Solflekken-bloggen.

I dag tok vi med Friskis opp i tomta til farfar. "Køyje gaaaveeemaaaskiiiin!" gaula Andreas. I dag var Steinar der, og gutane fekk køyre gravemaskina saman med han etter tur. Stor stas.

No er det planlegging av uteområde som står for tur, for vi må mure opp ein eller to murar i bakkant av huset slik at det ikkje berre er ein stor jordhaug. Det er veldig kjekt å sjå framgong dag for dag. :)

Ha ein god dag!

torsdag 17. juni 2010

Nyrydding



Siste nytt frå Solflekken er at det er stor graveaktivitet. Det er kjekt å sjå at det tek form, og at røtene er vekk og at vi står att med feiande flott jord og grunn. No er det grøfting, vekkøyring av masse og graving av dei siste 2/3-delen av det området der sjølve huset skal stå.

onsdag 9. juni 2010

O happy day!!!



Slik ser Solflekken ut med og utan gravemaskin



9. juni vart ein merkedag, for i dag har Steinar starta gravinga i tomta. Vi er overlykkelege og veldig takksame for det. Vi kjem nok til å endre utstikkinga litt, sidan vi har skråstilt huset vel mykje. Det vil verte best uteområde om ein slepp ein 2 meter høg mur bak til venstre i hagen, så derfor blir det nokre justeringar i morgon på koordinatane "ned på kommunen".
No er vi i gang. Hurra!