tirsdag 28. juni 2011

Innflytta!

Vi har no budd i Soflekken i vel 3 veker, og det er sååå godt å vere innflytta. Vi har rett nok ikkje flytta heilt UT av Sollida enno, men det er ikkje så mange kasser som står att. -Likevel er det kjekkast å vere her i nyehuset, så vi må nok motivere oss for å ta det som står att i leilegheita.

Her i nyehuset har vi det fint. Det tek tid å bli kjent med huset, og for det å bli kjent med oss. :) Etter ein IKEA-tur i helga har vi no fått dei kommodane og skapa vi treng for å få tømt dei siste kassane, og det gjer godt å kome i orden. Første vekene var vi heilt utslått, men no har vi litt meir energi til å pusle og ordne, heldigvis. Berre stikk innom om du vil ta ein titt :)


Første vaflemåltid på verandaen. Med fint ver! Når eg ser ut på tjukkeskodda er det ikkje til å tru. Men sola kjem att!!!


Loppis-skapet etter oppussing, med eit nytt bilete vi har fått med gode venner.


Pianoet er på plass, etter ein kontrollert luftetur.


Omnen vår. -Vi skal sjølvsagt ta ut isoporen før vi fyrer. :)


Her i kveldslyset fekk eg så vidt knipsa etekråna.



Då eg starta bloggen var tanken å skrive om det som hende i byggjeperioden og runde av blogginga etterpå. Vi har hatt ein lang, grundig og god byggjeprosess. I desse dagar har vi 7 års bryllaupsdag, men har ikkje merka så mykje til 7 års-krisa, som vi har høyrt snakk om. Det er veldig godt å vere komne i hus, og vi gler oss til å bu oss inn.

Eg kjem til å ta ein lang pause frå blogginga no, og det er heller ikkje sikkert at eg kjem til å skrive fleire innlegg. -Det seier eg ikkje fordi at alle skal kome med "ÅÅÅ, du må ikkje slutt-kommentarar, altså. -Time will sjåvv...

Tuusen takk, alle som har følgd med oss i prosessen. De er hjarteleg velkomne på synfaring, kaffi eller til å slå av ein prat.

God sommar!
Frå konepone og mannbrann

mandag 6. juni 2011

:)

Vi er innflytta og har det kjempefint. Manglar nettilgong enno, så derfor er det ingen nye innlegg og bilete. Men det kjem etter kvart vil eg tru. :)

Tuddeluuu

fredag 27. mai 2011

6 dagar til innflytting

I kveld sit eg i sofakroken, ein BigOne er i omnen, og 10 flyttekasser står rundt i stova. I gangen er det 6 til, og i gangen nede er det eit utal posar og bagar. Det nærmar seg innflytting i Solflekken!

No har vi susete hovud og spaghettilange armar, men det er absolutt verd all eigeninnsatsen! Det er så kjekt å byggje sjølv, og med all monterings-trøbbelet på kjøkenet er vi veldig glade for at vi har gjort så mykje sjølv på resten av huset. Det høyrest litt blærete ut, for vi er jo ikkje faglærte. -Dessutan var det veldig profft av kjøkenleverandørane å kome og ordne opp i feila. Men, vi har kosa oss veldig med å byggje heimen vår, og det har stort sett gått veldig fint. Like gode kjær`sta er vi også ;)



Eg var sikker på at eg hadde tatt bilete også av omnen etter montering, men de får vere nøgde med eit før-bilete. :) Fin omn, syns no vi!

Tuddeluuu!

lørdag 21. mai 2011

12 dagar til innflytting!

Gode venner i bloglandia!
Her kjem endeleg nokre foto av korleis stoda er. Det går i tusen og ti for tida, med mange små og store prosjekt vi ønskjer å få ferdige før innflytting om 12 dagar. Men, det er jo ikkje krise om det ikkje er prikkfritt ferdig før innflytting heller, -så lenge vi ikkje gir oss før vi er ferdige ein gong.
Det er absolutt verdt alt arbeidet, men no ser vi fram til å nå målstreken. Konepone har mageverk og mannbrann er berre ørlite grann hektisk og distrahert. (Det må vere fordi han innser at "roger" snart må i containeren)



Vasken på badet er montert. Her kjem skapdører etter kvart, med same farge som kjøkenskapdørene.



Her er loppisskapet eg kjøpte på loppemarknad i september. Det er ikkje så lett å sjå korleis det ser ut, men eg skal kome tilbake med foto når eg har fått kledd det inni med hyllepapir eller tapet, og med nye knottar ute.




Innsida av ytterdøra.





Dusjkabinett, halvvegs montert. Måndag kjem rørleggarane att, og gjer seg ferdige. (Evt. på tysdag)








Her er det snart berre å kome på middag! Å, kor kjekt det blir! (Vi manglar straum og vatn, men kva gjer vel det?) Legg merke til dei totalt malplasserte dørhandtaka... Vi skal få nye skapdører om nokre veker.



P.S.Rett skal vere rett, det er ikkje montøren på fotoet som har montert handtaka.

God helg vidare.



fredag 20. mai 2011

Så kjekt!

Eg vann konkurransen på annalisasblogg.blogspot.com! Så koseleg! Takk for det, gode Anna Lisa.

Kjem att med fleire bilete av Soflekken, for no har det skjedd mykje siste dagane.
"-Pation, my love..."

konepone.

Tenk, eg vann!!

onsdag 11. mai 2011

Kaoskontroll

Berre eit lite kaosinnlegg i dag. No merkast det at det er på slutten av byggjeperioden :)

I går var det litt småkrise i heimen:

1 Kjøkenmontørmannen var på plass, og sette opp mange fine og lekre kjøkenskuffer og skap. MEN så fann vi ut at vi har laga hol i taket til ventilatorhetta på feil plass. Gurimalla! Men så fann vi ut at med ei 30 cm hylle og ei ekstra foring utvidar vi kjøkenet ørlite, og at ventilatorhetta då vert på rett plass. Puh!

2 Ventilatorhetta viste seg å vere feil pakka, slik at inni emballasjen var det ei vegghengt ventilatorhette! Allereie returnert og tinga ny så klart.

3 Som den siste store brølaren har montøren festa handtaka midt på skapdørene i staden for nede i det hjørnet som ein skulle tru var logisk å feste dei. Då var ikkje ho konepone blid kan de tru. Sukk og stønn. Vi får nye skapdører om minimum 6 veker, og montøren har truleg fått litt refs frå sjefen sin...

Elles skin sola og det er så vidunderleg vakkert ute. Vi har fått utedører i Soflekken, og det kjem seg steg for steg. Forhåpentlegvis 3 veker til innflytting. :)

Vordande skulegut på førskuledag i morgon. Stort!

konepone

lørdag 7. mai 2011

Byggjeboblefamilien



Vestsida på Solflekken. Litt å gjere her også.



Liten venn.



Varmedisen låg som eit tynt teppe over Volda i dag. Det er altså ikkje skodde, sjølv om det kan sjå slik ut.



Kjekt å sjå at naboane held på med graving og muring. :) Velkomne skal dei vere.









I dag gjorde vi ferdig begge guteromma. Ferdig lista, og ferdig måla. Ferdig. :) Det er fantastisk godt å kunne krysse av for at noko er klart til nedvask. Hurra for det! Her er rommet til eldstemann.



Litt arbeid med hjørnelister, fuging og måling, men det vart bra.



Løva i Solflekken! (Etter ein kjekk føremiddag på dok.film)



Litt putl, men fornøgd med kvit hjørnelist der den blå og den kvite veggen møtest.



Pølsegrilling til middag.



Minsten sitt rom.



Helsing frå to i "byggjebobla".

fredag 6. mai 2011

I da`e`dde fredda`!



Utanfor Soflekken er det full graveaktivitet hos eine naboen, og på andre sida er det eit hav av kvitveis. SÅ vakkert med kvitveisar!! Har sjølvsagt gløymt å ta med fotoapparatet siste dagane, så det får bli ein symbolsk "google-veis" i stadenfor dei ekte sakene frå Soflekken. Elles er det veldig kjekt at det poppar opp fleire hus i nabolaget, og vi gler oss til å sjå både husa og naboane. :)

I dag har vi fått kjøleskap, oppvaskmaskin og tørketrommel, og dei står inntil vidare midt i stova. Ein heilt naturleg stad å vaske skitne tallerkar og tørke dei i trommelen etterpå? Neidå, men på måndag kjem kjøkenet, og då er det godt med alt ikkje står i vegen.

PappaLeif har også trylla gjesterom til oss. FOR ein pappa! Eg vart så rørt då eg såg kor raskt det hadde blitt forandra frå rotelager til ferdig rom. Mannbrann er også iherdig, og eg er veldig imponert over at han held oppe både humøret, tempoet og standarden no på tampen. :)

Kanskje eg kjem att med meir bilete seinare i helga.
Eg er forresten på jakt etter retro-stoff, så viss du har nokon gamle dynetrekk i retrokategorien set eg pris på å få eit vink. :)

God vårnatt.

lørdag 30. april 2011

Kom mai, du skjønne, milde

Gullegutane overnatta hos farmor natt til i dag, og vi var på rangel. Laaang frukost og koseleg besøk i heimen, før Yngve starta på dagens Solflekken-økt. Vi hadde tenkt å vente nokre dagar med dørene, men så låg dei så kvite og fine og ropte på oss. Så då sette Yngve inn to dørkarmar! Hurra for han. Konepone hadde akrylfugemasse i spikarhol og måla nokre taklister. Babysteps... Men det ER faktisk ikkje så lenge igjen, det er berre ikkje alltid så lett å vere tålmodig.


I etasjeskilja mellom kjellaren og første etasje er vi ferdige med listinga, og slik ser det ut no.


Inn mot eine guterommet. Steikje fine dører...


...her sneik det seg visst inn eit foto av listinga nede i kjellaren...




Sidan vi valde å lage til gjestebadet i "første byggjesteg" (fordi varmtvasstanken skal stå der), blir det til at vi steller i stand gjesterommet også. Her har Yngve og pappaLeif laga til stendarar og sviller.


Det er ikkje berre mot sørvest at utsikta er fin. Her mot søraust ser vi Driveklepp.


Og så har vi hatt besøk av elektrikar og fått brytarar, stikkontakter og ringjeklokke.

Og så har vi tinga oss leikehytte, fordi det var slikt eit knakande godt tilbod på buda. Den får heller liggje flatpakka til vi har fått oss flatt uteområde. Det vart det i staden for innihampen dyre "screen"-uterullegardiner til stoveglasa. For å seie det slik så kosta leikehytta 1/8 av det screenen kosta:) Kan neppe brukast til det same, men her gjeld det å prioritere beinhardt. Det er mange fine lamellar/innerullegardiner også som vi kan prøve ut.

Vil berre igjen presisere at vi er ikkje fullt så einspora til vanleg. No er vi i ei boble og eg er den første til å innrømme at det heilt sikkert ikkje er så lett å føre ein normal samtale med meg/oss.

Det beste med å ha barnevakt denne gongen var at eg rakk å lengte etter gutane. Vart mint på kor viktig det er å vere tilstade "oppi hauda" når ein er i lag med dei. Ikkje tenkje på listemåling og rullegardiner. Berre vere her. no. no.

"Sjå mamma! Vi har funne ei øy! Det går an å flyte kvitveisar nedover elva! KOM og SJÅ då! NO! :)"

DET er det viktigaste.








lørdag 23. april 2011

FOR ein dag!!!

I år gjekk vi rett frå vinter til sommar, trur eg. Ikkje kvar gong at ungane får bruke ullsett og regnklede, og shorts, same veka. To lykkelege og litt solraude smågutar fulle av is og grillmat ligg no i sengane sine. Heilt herleg.

Vi vaksne har fått rydda litt utanfor huset i dag, og måla nokre lister på vaskerommet og i gangen. Vi er så takksame for at prosessen har gått så bra til no, og for at vi snart kan flytte inn. No er det sokkepåbod i trappa, og vi spekulerer litt på korleis vi skal verne henne medan siste listearbeidet vert gjort, og kjøkenet blir montert. Nokon som har eit godt forslag?




Minsteprinsen bobla av glede og stoltheit i dag, då vi viste fram huset til T og GH












"Tihi! Ej e fått mej møbla på rommet mitt!"

Med ønskje om ei god natt med milde draumar

torsdag 21. april 2011

Påskehelsing

Heia
No har vi hatt nokre kjekke dagar i Stryn, og det gjorde godt. Det er så godt å lufte seg litt, og å treffe alle i koneponefamilien att, og nokre venner attpåtil. :) Minsten måtte sjølvsagt vere litt sjuk eit par dagar, men no er han frisk att. Det er så godt å kjenne at det vårast, og godt å vere i lag. Det har vore ein lang vinter, og no kjenner ein at både kropp og tanke vaknar igjen. :) Vil ut!

Måndag la mannbrann og konepone parkett i loftsstova, og vi hadde sjølvsagt gløymt fotoapparatet att heime. Sukk... Får håpe vi hugsar det ein av dei næraste dagane.

God påske så lenge.



(Biletet er lånt frå minskole.no, eller rettare sagt frå googlebilete.)

torsdag 14. april 2011

Siste langside

Det er litt pussig. Kvar gong eg kjem opp til Solflekken tenkjer eg "Å, så langt vi er komne!" Kvar gong eg fer derifrå tenkjer eg "Hm... Jammen mykje arbeid att..." -Og det er sjølv om eg gjer ein god del medan eg er der?!?! Omvend psykologi på eit vis.

Men. No er det snart påske. Vidunderleg med vår i lufta og lette sko på føtene. Vi er ferdige med 80% av listinga, og har også begynt å måle det siste strøket på ein del lister. Kjellarbadet er klart til å få baderomsplater på veggane. Muraren held på med hovudbadet.
Så kjem dørene med karmar på plass. (Heilt av seg sjølv så klart)
Så kjem kjøkenet på plass.(Heilt av seg sjølv så klart)

Poff. Ferdig. Nedvask. Innflytting. Vafle på verandaen.

God helg nokså snart. :)

onsdag 6. april 2011

Trapp!


O store glede! I dag vart trappa montert, og vi er veldig godt nøgde med henne. Ikkje minst var det fantastisk å kunne trippe lett opp til loftet og at Andreas kunne gå opp. Han har vore forkjøla og astmapjusk nokre dagar, men betre no heldigvis.

No ser huset meir og meir innflyttingsklart ut, sjølv om det står att ein del lister og dørkarmar. Handtverkarane skal starte på det på måndag, og kjøkenet første veka i mai. Så det ligg an til innflytting første dagane i juni. Hurra!



I trappa mellom første og andre etasje er der eit lite vindauge. Veldig glad for at det ikkje kom akkurat der trinna skal vere. Då er det betre at rekkverket sneiar hjørnet i staden.

I går kveld var vi forresten på Kid i Ulsteinvik og handla rullegardiner, persienner og lamellar til den store gullmedalje. -På sal. Godt å ha fått dei i hus, så kan dei monterast i ein fei etter nedvasken.

Så har vi nesten kjøpt eit langbord på Kolbotn, men slått det frå oss i siste liten. No går vi for Ikea sitt "Norden", med plass til maaaange gjestar. Kjem du?


mandag 4. april 2011

Roger



Dette er Roger, mannbrann sin kjære recliner frå januar 2000. Roger har opplevd mange laurdagskveldar med fotball, gravide konepone-kvildar, karusellturar med turboprinsane og lesestunder med Yngve og Maarud paprikachips.

Trass i mange gode opplevingar i lag med Roger har han vorte ein kime til diskusjon i heimen siste tida. Saka er den at konepone syns Roger godt kunne hatt godt av ein make-over, noko som er nokså vanskeleg å få til for ein recliner. Det er fleire stolar i "bladå" som er både freshare og snertnare. Mannbrann er enno blenda av kjærleik til Roger, og har ikkje sett det konepone ser av nuppar og appelsinhud både her og der på den stolte lenestolen. Det heile toppa seg her ein dag då konepone støvsugde rundt Roger og fann ein knekt bolt (!) som låg på golvet attmed. Konspirasjon, tenkte mannbrann. Kva er oddsa for at Roger tener oss trufast i 11 år, for så å falle frå kvarandre TILFELDIGVIS to månader før vi flyttar inn i Solflekken?

Det hjelper kanskje heller ikkje å seie til mannbrann at Roger har flytta til "Ein gard på landet med kaniner og høner", og at vi berre kan kjøpe oss ein ny stol?
Nei, Roger, du kan ikkje erstattast. Men det blir ein tung dag (bokstavleg tala) for mannbrann når du skal lempast over kanten på Bøstrand sin container...

;) Ha ein fornøyeleg dag.

fredag 1. april 2011

Karmar og lister

Og så var vi tilbake med nokre bilete igjen. I ettermiddag var konepone og pappa i huset, og då var det taklister og glaskarmar i fokus. Veldig triveleg var det! Yngve har vore sjuk denne veka, og har verken fått vore på jobb eller i nyehuset. Heldigvis ser basilluskane til å ta til vit no, og trekkjer seg tilbake i stillheit. Ikkje kjekt med sjuk mannbrann, så det er godt han er på betringens veg


Her er vaskerommet, med ferdig flislagt golv og fuger. Døra skal sjølvsagt skiftast ut når alt er ferdig elles i rommet.


Utsikt frå "framsmettet", der kjøken- og spisebordet kjem til å stå. Herleg med dagslys utover kvelden.


Etter at dette biletet vart knipsa har vi lagt taklister også inne i sofa/TV-kroken


Lisjedo. Utan lister, men med golv. :)


Du er med dette invitert til å kome med eit godt namn på denne kjøken/stove/ete-kroken. "Framsmettet", "Luksusfell" og "Velstandsvorta" er lansert, utan at alle partar er heilt nøgde med det.


Listene rundt kjøkenglasa kom på plass i dag.


Meir "framsmett".

Vi vurderer å avslutte bloggen no, men kan evt. overtalast til å halde fram dersom det kjem nokre kommentarar som seier at det er ønskjeleg at vi held fram. ;)
God helg kvar enn du er i verda.