fredag 6. april 2012
mei-tai bæresele
For ei stund sidan var eg på Åhlens og kom over dette grøne stoffet som eg fall for. -Mjuk og kraftig cordfløyel som passar perfekt til ein bæresele.
Det er uendeleg mange oppskrifter på ulike bæretøy på nettet. Eg fekk låne selar med to venninner, og i lag med oppskrifta i "Made by me" laga eg ein Solflekken-mei-tai til minsten, som er på veg. Det blir spennande å sjå kor brukande bæreselen er når alt kjem til alt.
Framleis god påske!
tirsdag 3. april 2012
Omdisponering?
No er det ei stund sidan siste bloggoppdatering. Etter innflyttinga i fjor sommar stoppa det naturleg opp sidan vi ikkje hadde internett ei stund. Dessutan var vi meir opptekne av å flytte inn og kome i orden, enn å skrive om kor vi lengta etter å flytte inn og kome i orden.
No vurderer eg å omdisponere bloggen til å bli ein "altmoglegblogg", med nokre kvardagstankar, sy- og strikkeprosjekt og litt om hus og heim.
Eg må ruge litt på denne tanken, og gje Soflekken-bloggen eit ansiktsløft før eg set i gang.
Heng med, så får du sjå korleis dette går.
God tysdagskveld.
Abonner på:
Innlegg (Atom)