onsdag 10. februar 2010

Kjøkenspørsmål

Det eg skal spørje deg om no gjeld nok ikkje eit av livet største og viktigaste val. Faktisk kan det ikkje kome opp på lista over dei nest viktigaste verdsspørsmåla ein gong. Men... Likvel skal det takast stilling til:

Har du ein U-forma/hesteskoforma kjøkenbenk? Kva er den perfekte avstand mellom dei to benkane som då står ovanfor kvarandre? Ikkje for langt, slik at ein må gå metervis mellom benkane, men ikkje så tett at ein må ut for å tenkje? Jatakk for svar.

:)

10 kommentarer:

  1. Vi har U.

    2,2 meter i mellom og godt fornøgd med det sidan vaskemaskina står "i botn av u-en" og vi treng plass på kvar side. Det vert omlag same avstand i nyehuset.

    SvarSlett
  2. Takk for det, Magni. :) Godt å høyre kva som testa ut, så ein slepp altfor mange bommertar. Fleire som har slik benk heime?

    SvarSlett
  3. Heisann!!
    Kjekt du fann bloggen min Og nå fann eg din. Spennande med husprosjekt :)
    Ha ei fin helg!!!
    Klem

    SvarSlett
  4. Hei! Vi har 1,4 m mellom benkane, og vil ha lenger mellom når eg no skal lage nytt kjøkken. På det nye kjøkenet har vi betre plass, og eg vil difor nytte plassen betre. Har absolutt ikkje tenkt mykje på at 1,4m er lite, så dette har nok mest med vanen å gjere. Lykke til med husprosjektet. Gledar meg til å sjå kva de bestemmer dykk for!

    SvarSlett
  5. Så fint å få respons på kjøkenbenkspørsmålet :) Måndag er det kjøkenmøte, og då er det greitt å ha ei viss formeining om korleis vi vil ha det. Eg må berre spørje: Kari Vigdis i Stryn eller Volda? :) Kjekt du er innom bloggen uansett. God helg.

    SvarSlett
  6. Eg har 1,4m mellom benkane kortaste vegen. det følest slett ikkje trongt, og er ca 2 steg. dersom ein er fleire som lagar mat på ein gong, greier ein fint å passere kvarandre på 140cm. Då mitt hus vart bygt, vart det lagt vekt på å ha plass til eit skikkeleg bord.(rommet er ca 18kvm.) då vart nemleg kjøkenet ein sosial arena i staden for berre matlaging.

    SvarSlett
  7. Fins det fleire Kari Vigdis altså? Stryn her, moro å følge dykk i husbygginga!

    SvarSlett
  8. Kjøkenmøte i dag, og mykje er bestemt. Hurra! Kvite halvblanke slette frontar, kjøken"halvøy" og plassering av kokeplass og vask. Veldig kjekt å sjå teikningar av huset i 3D-stil, sjølv om det ikkje finst ein einaste ekte vegg i huset enno. Det kjem.
    Blir litt surrete i hovudet av å skulle hugse på alle ting, men sjokoladekake hjelper mot det meste. :)

    SvarSlett
  9. Kvar kjøper de kjøken?

    SvarSlett
  10. Vi bygg hus med Mesterhus/Tømrer Service, og der er det inkludert ein standardpakke med ein leverandør i Volda som heiter Senator. VI har valt å bruke dei til heile kjøkenet. Ser skikkeleg og ordentleg ut.

    SvarSlett