tirsdag 28. juni 2011

Innflytta!

Vi har no budd i Soflekken i vel 3 veker, og det er sååå godt å vere innflytta. Vi har rett nok ikkje flytta heilt UT av Sollida enno, men det er ikkje så mange kasser som står att. -Likevel er det kjekkast å vere her i nyehuset, så vi må nok motivere oss for å ta det som står att i leilegheita.

Her i nyehuset har vi det fint. Det tek tid å bli kjent med huset, og for det å bli kjent med oss. :) Etter ein IKEA-tur i helga har vi no fått dei kommodane og skapa vi treng for å få tømt dei siste kassane, og det gjer godt å kome i orden. Første vekene var vi heilt utslått, men no har vi litt meir energi til å pusle og ordne, heldigvis. Berre stikk innom om du vil ta ein titt :)


Første vaflemåltid på verandaen. Med fint ver! Når eg ser ut på tjukkeskodda er det ikkje til å tru. Men sola kjem att!!!


Loppis-skapet etter oppussing, med eit nytt bilete vi har fått med gode venner.


Pianoet er på plass, etter ein kontrollert luftetur.


Omnen vår. -Vi skal sjølvsagt ta ut isoporen før vi fyrer. :)


Her i kveldslyset fekk eg så vidt knipsa etekråna.



Då eg starta bloggen var tanken å skrive om det som hende i byggjeperioden og runde av blogginga etterpå. Vi har hatt ein lang, grundig og god byggjeprosess. I desse dagar har vi 7 års bryllaupsdag, men har ikkje merka så mykje til 7 års-krisa, som vi har høyrt snakk om. Det er veldig godt å vere komne i hus, og vi gler oss til å bu oss inn.

Eg kjem til å ta ein lang pause frå blogginga no, og det er heller ikkje sikkert at eg kjem til å skrive fleire innlegg. -Det seier eg ikkje fordi at alle skal kome med "ÅÅÅ, du må ikkje slutt-kommentarar, altså. -Time will sjåvv...

Tuusen takk, alle som har følgd med oss i prosessen. De er hjarteleg velkomne på synfaring, kaffi eller til å slå av ein prat.

God sommar!
Frå konepone og mannbrann

2 kommentarer:

  1. Hei kjære deg! Tusen takk for ein fin blogg. Eg har fulgt med heilt sidan eg var klar over at du hadde laga deg ein byggeblogg. Eg skal innrømme at eg har vore innom optil fleire gongar for dag for å sjekke om det er kome noko nytt. Like spanande kvar gong : ) Det er nesten litt vemodig at det heile er over, men no gler eg meg grådig til å ta turen opp på mandag og sjå det "in real life"! Eg unner dokke sånn å vere ferdig!!! Klem frå Sølvi

    SvarSlett
  2. Gratulere med å være på plass! Det ser flott ut! Skal prøve å få tatt en tur inn å hilse på og se skikkelig snart. *klem*

    SvarSlett