Vi skriv 5. desember, og i dag har vi skoga om lag halvparten av tomta. Nydeleg ver, nokre grader pluss, og stort pågangsmot. Om ikkje vi kan seie at vi har "sett første spadetak i jorda", kan vi i alle fall seie at vi har "sett første motorsagblad i treet". Yngve starta i ti-tida, og fekk etter kvart hjelp av Steinar. Alice og Stein passa gutane, så Anne Marta fekk hjelpe til med kvistane, eller "strongane" og "skatet", som det visstnok heiter. Stor lykkekjensle av å få byrje på arbeidet. Dette er vi verkeleg klare for. Håpar arbeidslysta held seg oppe i løpet av det komande året.
Vi ser at kommunen har feilmerka tomta i høve til kartet, men det let seg vel ordne med ein telefon til dei på måndag. Det er litt kjedeleg med 12,5 m for smal tomt. Men som sagt, det let seg vel ordne. :) God helg, kjære Solflekkblogglesarar
<
Så kjekt at dere er igang på skikkelig. Vi må få være med å se en gang :)
SvarSlettDet ser ut til å bli fint.
SvarSlettJau takk, vi håpar og trur det. No har vi fått dei 12.5 ekstra meterane også, så då er det plass til huset. Det er ein fordel. :) I dag vert det kontraktsmøte, så siste kveldane har vi drive høgtlesing, med oransj tusj og grøn penn.
SvarSlett