lørdag 19. desember 2009

Kart over tomtene i Bratteberg 1, aust



Her ser du ei oversikt over tomtene i det nye feltet i Bratteberg 1, aust. Blå bokstavar L og R tyder Ledig og Reservert. Kvite firkantar med tynn raud strek rundt er kjøpte tomter. Vår er i øvste rekkje, nr 4 frå venstre. Som de ser er tomta til venstre for oss seld, og to av dei nedanfor oss. Vi ser fram til å få naboar allereie frå starten. Det vert kjekt å sjå kven desse er. :)
Etter det vi veit heiter vegen "vår" Dalevegen, og den nedanfor Bratteberg. Vi syns kanskje dei kunne funne på noko meir spenstig, men det får så vere. Johannes meiner vegen vår godt kan heite "Abra hamn", etter Kaptein Sabeltann sin heimstad.

(Kartet er henta frå Sunnmorskart.no)

2 kommentarer:

  1. Eg e misunneleg... men dokke må ha lykke til ! Ser ut til å vere fin utsikt frå tomta, blir spennande å sjå utviklinga etterkvart som murane kjem opp .

    Jon Andreas

    SvarSlett
  2. Håpar resultatet også vert bra, og at vi ikkje har teke oss vatn over hovudet. Det er snakk om mykje pæng, men vi har god tru på at vi har valt rett.
    Kjekt med plass til besøk. ;)

    SvarSlett