tirsdag 19. januar 2010

Husteikningar



I dag fekk vi dei endelege teikningane av huset vårt. Vi har teke utgangspunkt i huset som heiter "Nanna" i Mesterhuskatalogen, men har endra ein god del. No er vi veldig godt nøgde, skulle nesten ønskje at det er som i "Teikneby" i Barne-TV, der teikningane berre 'poff' vert verkelege. :)

6 kommentarer:

  1. Kjekt å sjå. Korleis ser det ut inni?

    Eg forstår godt teikneby-kjensla.

    SvarSlett
  2. ÅÅåååh!!! :o) Så stas, så stas!!!
    Flott utsikt! Flott familie!
    Eg gler meg med dykk!!
    -Lillian-

    SvarSlett
  3. Takk for det! Det vert kjekt å få besøk der også. :) Stort kjøkenbord med plass til alle.

    Eg kjem nok til å leggje ut planteikningane frå innsida av huset også om ein dag eller to. Som du ser køyrer vi litt meir trad. enn du Magni :) Det blir spennande å sjå korleis dykkar hus tek form. Får eg bli invitert til husbloggen din?

    SvarSlett
  4. :) Spanande, spanande og spanande! Dette vert bra. Alle gode tankar vidare, samt klemmar ifrå Vesleknærten og meg. Fride

    SvarSlett
  5. Arti å sjå nokon som fe ferskvare i husvegen i staden for oss som friskar opp gamalt gods... Lukke til!

    SvarSlett
  6. Takk for det! Det blir spennande å kome skikkeleg i gang med det praktiske. Yngve har skoga 2/3 av trea på tomta, men når snøen fér er det full fart med graving. Hurra!

    SvarSlett