Lite nytt frå Solflekken for tida. Kanskje vi heller skal kalle det Snøflekken, for med ein meter snø er det ikkje så lett å sage. Menmen. Vi er strålande nøgde med at det berre står att 8 tre, og å køyre vekk eit par lastebillass med "staur". Elles er nabovarselet sendt ut, og vi håpar på rask handsaming av den kommunale byggjesøknaden.
Oppi lida der det snør
kjem det snart eit hus med ei dør
Der kan du få banke på
Vi skal sei: Kom inn og sjå!
Du skal få ein kaffiskvett
og mat så du vert glad og mett
Enno er der kaldt og kvitt
og slik endar diktet mitt
(Yngve og Anne Marta)
Så koseleg dikt. Her vert det spanande å følge med.
SvarSlett:) Takk for det, og takk for i går. Kjekt med kollegafestlegheiter
SvarSlett