I går og i dag har vi vore flittige maur og fylt 132 sekkar med ved frå Solflekken. Enno er vi ikkje ferdige, men no er vi såre i hendene og skal på påsketur til Stryn.
Her ein morgon vakna vi midt i tett skoddehav. Så svippa vi oppom Solflekken. Berre sjå!
Jaggu heiter det Solflekken for ein grunn!! Så når skodda ligg tjukt nedi gryta hos oss så kjem vi nok tuslande opp til dåkke i sola ein tur!! :o)
SvarSlettAlice
Kor flinke dokke e Anne Marta!!! Og heilt nydelig utsikt - av og til kunna ej no tenkt mej lenger opp i bakkane ;o) hehe. God påske!! Lene & co
SvarSlettSnille Alice og Lene. Eg er så glad kvar gong nokon seier noko fint om plassen vår, og om det å bu høgt til fjells. :) Som oftast får vi høyre "hæ? Skal dokke bu heilt der oppe???" God påske til dokke alle. :)
SvarSlett