onsdag 24. mars 2010

Oppmeldingsmøte

Oppmeldingsmøte i dag, der vi avgjorde husfarge, takfarge, dører, veggar, tak +++ Kjekt og greitt.

For dei som har vore aktivt deltakande i taksteinsdebatten kan vi no opplyse om at vi har valt Zanda Rustikk Antikk, som er ein raud-brun-svart "antikk" takstein. Eller "spraglete mørk raudbrun" som eg vil kalle det. Trur det vil stå fint til lysegrått hus og kvit omramming og mur. Vonar alle tilhengarar av svart takstein likevel vil kome på besøk når den tid kjem.

Med ein gravemaskinførande svigerfar litt ute av spel for tida tek vi livet med ro, og ser fram til ei påske med lamming og familiekos. Når han kjem seg, vert det saaakte graving, og etter kvart mur.

DET ER VÅR!!!

3 kommentarer:

  1. Det taket de har valt er kjempefint!! :)
    Godt val, Vadsteins!!

    Kos dåkke i påska!

    Alice

    SvarSlett
  2. ååå lamming, no vart ej misunnlig.
    God påske:)
    Rikke

    SvarSlett
  3. :) Ja, viss eg er heldig får eg også lære kunsten å ta i mot lam. Eg har ikkje så god greie på slikt, men eg skjønar at dei kjem ut på ein annan måte enn eg har fått keisarane mine. :) God påske!

    SvarSlett