Dagen før avreise til Stryn og Lilleputthammer! No ligg tre barn og søv så søtt. -Vi har lånt eitt ekstra i kveld :) Ute fløymer takrennene over, og grautskodda ligg langt nedom Kalsethola. Heldigvis er det meldt sol og finever der vi har tenkt oss, for her er det skikkeleg fyleveir, som vi seier i Stryn. I tomta ligg det litt material utover som ventar på å bli skrapa reine for betongrestar. Der er også ein haug med avkapp av Vartdal-muren. Men no er det ferie nokre dagar. Yngve har vaska bilen, så då kan vi sitje i den utan å måtte ha arbeidsklede på oss.
No er det ei knapp veke før eg kjem innom bloggen att. Eg er litt nyfiken på kven det er som vitjar byggjebloggen vår, så du kan gjerne att eit lite teikn viss du vil:) God julikveld.
Nå må dere nyte en velfortjent ferie! Håper dere finner sola på veien! Ta den gjerne med hjem hvis dere finner den ;)
SvarSlettKos dåkke og ha ein god og velfortent ferie, AM! :)
SvarSlettAlice
gleda meg til å få sjå meir om korleis det går med huset :) men no får du ha en god ferie og ladde batteria godt opp ;) kos deg..
SvarSlettTusen takk, de tre. Gledar meg til vi kan invitere dykk på kaffi i nyestova. God sommar vidare :)
SvarSlett