
Konepone og gutane er oppom kvar dag og sjekkar framgongen. Johs er ein skikkeleg arbeidskar, og nyttar kvart høve til å krafse litt i grusen, eller å spikre litt på ein forskalingsplanke. Lisjebroren er litt meir forsiktig, men han vil også helst berre springe rundt der oppe, og blir betutta når vi køyrer derifrå. Denne veka har gutane vore i barnehagen, og då har også konepone fått hjelpt til litt, og er veldig glad for det. Det er stas for oss begge å kunne byggje huset vårt i lag, sjølv om mannbrann naturlegvis er mest aktiv i bygginga.
I dag har pappaLeif komt frå Stryn og vore sjefs-forskalingssnikkar. Uvurderleg hjelp også frå den kanten. Vi brukar leigde forskalingskassettar som vi forsterkar og koplar saman med plank og spikar, og nokre spesialsnikra kassettar. Alle vinklar må naturlegvis vere heilt rette, og i water. Dei kom imponerande langt i dag, hurra hurra! Meir slikt arbeid i morgon, og så vert soleringen støypt måndag. Uendeleg godt å sjå at no veks huset også over bakken, og ikkje berre nedi jorda og bak i fjellet.

En god start det der, Anne Marta. Interessant å følge "oppstigninga". Du er flink å skrive.
SvarSlettÅ du og du, no skjer det saker og ting altså!
SvarSlettGøy å sjå at huset tek form! Og kor bra det blir! Eg er imponert over kor flinke dåkke er!
Fine bilete av gutegjengen, men saknar no eit bilete av deg også! :-P
Men det er klart, nokon må no vere byggjeleiar og styre det heile bak kamera! :o)
Alice
Takk, både du som spelar kornett, og Alice. :)
SvarSlettVi kan alltids skulde på at eg er byggjeleiar og har det ALT for travelt til å ta meg godt ut på bilete. :)
Klem