fredag 6. august 2010

I rute i regn



Å kor godt det er med sommardagar der ein ikkje tenkjer så mykje. Med det meiner eg at det er godt å vere i rute med huset, og framleis ha mange feriedagar att. Vi har pussa ferdig på aust, vest og nordsida av muren, starta arbeidet med knasteplast og singling bak huset og lagt armeringsmatter inne. I tillegg ringde elektrikaren i dag tidleg og lurte på om han kunne få legge varmekablar allereie i dag i staden for etter helga. Herleg når ting skjer, -til og med før planen.

Vi heime har hatt besøk av ein liten venn som har leika med gutane. Det er så godt å sjå kor dei har vakse i sommar, og kor fint dei har det i lag.
Nysteikte bollar, regnvèrsleik ute og sjøslag inne.

Flinke mannbrann har tenkt seg på Saudehornet i morgon, og så skal eg få gå på den nyopna interiørbutikken i Ørsta etterpå. Kvar si lyst. :)

3 kommentarer:

  1. Nyåpna interiørbutikk i Ørsta? Fortell!!

    SvarSlett
  2. Landhandelen heiter butikken, som ligg i enden av gågata før ein kjem til herlege Fugl Fønix. Veldig fin butikk, med overkomelege prisar. (I alle fall på det eg såg på) Ein skikkeleg Å-butikk.

    SvarSlett
  3. Jepp, jeg måtte google for jeg hadde jo ikke tålmodighet til å sitte her og vente på svar... så jeg var på butikken og kikket allerede neste dag. Takk for tipset!

    SvarSlett