mandag 2. august 2010
Puss puss så får du eit hus
Først eit godt lag med fiberpuss på rubba mur.
Fiberduken som blir baka inn i pussen.
No er konepone ferdig med første lag med murpuss på dei sidene av huset der det skal fyllast innåt. Då vert det ei bra overlapping med både murpuss og knasteplast+isopor.
Ein kar som gjekk tur forbi huset stoppa medan eg heldt på. -Eg har aldri sett ei dame pusse mur før, utbraut han. Eg måtte le litt då. Det er faktisk nokså kjekt å pusse mur, og å sjå at ein lagar fin og jamn veggflate i staden for den oppdelte "legokloss"-veggen. Vi må nok vente til etter at vindauga er sette inn på sør-veggen før vi kan pusse der.
Riktig varm sommarhelsing i regnveret. Takk for at du var innom :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så flinke dere er!!!
SvarSlettDu e kjempeflink, Anne Marta!!
SvarSlettGled meg til å ha turboprinsane i morgo:)))
Klem frå svigermor
Ej gav vel uttrykk for at ej va imponert ej også!!!
SvarSlettHehe. Takk både svigermor, Beate og Marita. :) Det er til stor hjelp både med barnepass og oppmuntrande ord. :)
SvarSlett