fredag 3. september 2010
Fredagsrapport
Denne veka har snekkaren og lærlingen hans lagt på reima og bjelkelaget på huset. Vi var ein tur oppi tomta, som vi framleis kallar det, etter middag, og då var arbeidarane der enno. Det lovar godt! Det har vore fantastisk seinsommarver med sol og gode temperaturar, og då har det vore ekstra kjekt å arbeide ute, sa snekkarane. No er golvplatene limte og skrua fast på om lag halvparten av 1. etasje. -Veldig kjekt dei tek jobben med å skrue dei, så slepp vi det når vi skal til med innreiinga. På biletet ser vi også at framsmettet tek form, og der skal det kome høge vindauge etter kvart. Og eg skal få kjøpe store grøne plantar viss eg syns det blir litt vel mykje innsyn. (Bra kompromiss)
Berre så det er sagt, no vert det færre besøk med ungane i tomta, og mykje strengare "hand-haldingsregel" eller "sitje på armen-regel" dei gongane dei er med opp for å kike. Her er mange farar akkurat no.
Her ser de også fundamentet til støttemuren bak huset. Når dei 16 pallane med murstein kjem til Solflekken kjem vi til å ha eit sterkt ønskje om litt dugnadshjelp. Vi veit ikkje enno om det skjer om ei veke eller tre, men når dei kjem må vi pusle mur raskt som berre det slik at pallane ikkje tek opp plass for snekkarane. Heldigvis er det byggjeklossar som ikkje skal ha mørtel eller puss, så vi trur det skal gå greitt. I alle fall med litt berehjelp, om vi er så heldige å få det. :)
Utsikt ned i kjellarstova. :) Men, om 3-4 veker er huset reist og tett viss alt går etter planen, og så går det eit par månader til før huset er ferdig utvendig. :)
Det er så kjekt å kome opp kvar ettermiddag og sjå framstega. Det er mogleg at vi høyrest litt euforisk glade ut, men det er mykje kjekkare det enn å klage fordi det er lenge til vi kan flytte inn. Håpar den optimistiske tonen held seg også uti februar. :)
God helg, alle saman.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
HEI!!
SvarSlettTusen takk for hyggelige ord i bloggen min.
Eg trur eg ventar med å stenge bloggen. Har på ingen måte lyst til det heller :)
Har fått så mange henvendelsar frå mange hyggelige folk osm vil at eg skal forsette, så eg blir heilt rørt :)
Ser at det går framover med huset. Blir kjekt å sjå det ferdig :)
Bare sei ifra om du vil ta deg ein tur på besøk, men eg sjøna godt at dagane er travle og du har mykje å tenke på
Ha ein fine helg
Klem
Å så koseleg å få kommentar så raskt, Anna Lisa! Det er ny rekord, trur eg. Hehe. :) Men det er veldig bra at du gav alle ein "vekkar", så det ikkje blir berre "kikking" på andre sine bloggar, men også litt dialog. :) God helg!
SvarSlettHei på deg!!
SvarSlettEg kjøper stoff litt her og der i grunnen. Litt har eg kjøpt på bruktbutikken. Gamle sengkle og slikt. Ellers har eg kjøpt litt på IKEA, Ellos, panduro og litt på E bay :)
Ha ein fin søndagskveld
Klem
Ser det går framover. Vert gjerne med på dugnad, enten passe gullungane, eller lempe stein. Klem frå svigermor
SvarSlettKjekke du e, svigermor! :) Det er så godt å vite. Det skal nok bli meir passing eller steinlemping om ikkje så lenge. :)
SvarSlettKjekke tur til Nonsbu også.
kjekt å sjå at det går so bra:)kjeme nok en tur om ikkje so lenge å inspisera litt, og hjelpe til å bære stein visst det passa sej slik;)helsing onkel Stein
SvarSlettHeia. Tusen takk for det! Vi snakkast. :)
SvarSlett