Torsdag
Snekkarane har no bygt arka/framsmettet, og då ser vi meir korleis huset vert. I tillegg har dei pakka inn alle veggane med asfaltplater og har starta å skjere ut for vindauga. Det er så kjekt å sjå framstega! Både snekkarane og Yngve har vore litt sjuke denne veka, og ikkje fått gjort så mykje som planlagt. No er det godt det er haustferie for oss, så kanskje vi får gjort litt meir med mellom anna støttemuren. Vi håpar det fantastiske haustveret held fram.
Fredag
Denne månaden har vi eigd tomta eitt år, og vi er godt nøgde med prosessen så langt. Det er ekstra kjekt at fleire har begynt skoging i Dalevegen, og at vi snart vert fleire som bygg der. :)
Var ein tur til Solflekken i går. Utruleg kor det har forma seg sidan sist eg var der. Ein kan jammen sjå rominndelinga, og utsikta er kjempeflott!!
SvarSlettKlem tilø alle fire
Mamma