torsdag 11. november 2010
Steg for steg
Vindskeiene og bordkledninga er oppkomne, hurra! Til høgre ser vi at klossane og listene rundt kjøkenglasa er ferdige. Vi trur det er "pausearbeid", som dei tek langsmed viss dei ventar på at andre ting skal verte klare. Det ser litt komisk ut med ulik listing rundt alle glasa, men det blir bra til slutt :) Ikkje minst til våren når vi får måla huset og listene.
Her ser vi lisjetaket over verandadøra, som har fått takstein på seg! Vi syns det er passeleg gammaldags med rustikke raudbrune taksteinar til dette huset, og er godt nøgde med valet så lang:) På denne sida er også mønekrysset montert.
Snikkaren poserer attmed lisjetaket.
Elles har det blitt lite "husarbeid" denne veka, med 100-års jubileum for skulen, og mannbrann sin tur til Bergen, så vi håpar å kome sterkare attende. Snart er det tid for eigeninnsats, og vi skal starte med å setje inn dørene og få opp varmen inne så materiala vert tørre, før ventilasjonsanlegget skal monterast.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dette vert kjempeflott. Må opp og sjå kor det ser ut no. Spennande :))Klem frå mamma/svigermor
SvarSlettSå kjekt at du legg att slike koselege spor her på bloggen. Du er alltid velkomen både i Sollida og Solflekken. :) Klem
SvarSlett