Vi avslutta helga med aketur på kjelke i Dalevegen. Til frydefulle kvin frå stor og dei to små, og litt gråt frå den minste fordi farten vart for høg :) Nydeleg vinterver, stjerneklart og aprikosfarga himmel i vest, før det vart heilt svart. Nokså trygt enno, sidan gatelysa ikkje er monterte og vi såg VELDIG godt den eine mopeden frå lang avstand og kunne pelle oss ut av vegen.
Elles har vi fått takstein på nordsida av taket, og vindskeier over alt. Det tek til å sjå litt meir ferdig ut, og det er fint. :) Vi får sjå kor tid det vert mildver så resten av taket får stein også. Det er no tett i alle fall. Elles har det vore lite fotografering i det siste. Vi fekk ein støkk førige søndag då stillaset hadde blese ned, men no er det oppattkome og sikra. :)
Ha ei god veke.
Koselig kor du beskriv aketuren dokka :)
SvarSlettNå fikk eg lyst ut på en tur.
Ha ei flott ny veke
Klem
Takk for det! Ja, det var kjekt å ake. Og kjekt å kome inn i varmen igjen etterpå. Ha ei fin veke du også. Har ikkje gløymt hjartet. :) Klem
SvarSlett