Det skjer stadig endringar i Soflekken, også denne veka, sjølv om vi hadde eit anna fokus måndag og tysdag. Minsteprinsen var sjuk og måtte innom barneavdelinga for å få medisin ei natt, men er no på betringens veg og det er så godt. Ingen ting er viktigare enn borna, og når dei er sjuke vert alt anna uvesentleg.
No er arbeidet i gang igjen, og 2. etg er så godt som ferdig platekledd i tak og på veggane. Badegolvet vert støypt medan eg skriv dette her. Det skal stå til tørking dei næraste 6 vekene eller så, før dei kan flislegge det. No er det taket i 1. etasje som står for tur, og flislegging av ganggolvet i kjellaren. Det er veldig spennande å sjå kor det tek form. Konepone er mykje heime i lag med prinsane, og syns det går fint. Likevel gledar eg meg veldig til vi er komne i hus og kan vere i lag alle fire igjen. Det ville vore rart viss ikkje gjorde det...
Biletet over og under er frå loftsstova, og taket i trappegangen. Det grå rekkverket er provisorisk no i arbeidsperioden, og trappa skal gå ned til venstre i trappeholet.
Enn så lenge går stigen opp til vårt soverom, men her vert også vegg med tida. Planen er å gjere ferdig veggar, tak og golv som høyrer til trappeholet, slik at trappa kan tingast. Ho skal lagast etter mål, og har litt produksjonstid.
Konepone avbraut studiet sitt no når minsteprinsen vart sjuk. Det var mykje fram og tilbake og om og men, men det er eigentleg ein lettelse no når avgjerda er teken og eg har sagt frå til alle involverte. Forhåpentlegvis går det i orden å starte på att neste gong studiet er. No prøver eg å ikkje tenkje meir på det, men å fokusere på born, hus, heim og jobb. Det er travle tider, men likevel boblar eg nesten over av kreativ skapartrong no når våren nærmar seg, og skulle gjerne hatt mange timar ekstra i døgnet til å måle loppis-funn og andre ting. Det får vente litt til... Men no når eg er heime med pjuskeminsten gler eg meg over at sola kjem inn i Sollida meir og meir for kvar dag, og at det går mot vår. Håpar på friske tider både for oss og deg som les dette her.
Godt å høre at pasienten er bedre! Og så flott det blir i huset! Håper dere er forsiktige i stiger og sånn, hørte nettopp om en som datt ned fra loftet og ned i kjelleren mens de holdt på med husbygginga. Heldigvis gikk det ganske bra med han..
SvarSlettHeia! Ja eg er litt nervevrak med tanke å om nokon dett ned. Men vi har sikra det bra med rekkverk, og spikra fjøler i golvet som held fast stigane. Men ein kan aldri vere forsiktig nok. :) Ha ei nydeleg veke, Beate. :)
SvarSlettSå utruleg fint det blir, Anne Marta!! Dåkke he vore kjempeflinke!! :) Stå på vidare, tenk om ikkje lenge så har dåkke nok flytta inn og budd inn huset litt, og eg kan kome og drikke milkshake på verandaen din etter eg har peist meg opp alle bakkane i SOLA! ;)
SvarSlettHei! Så spennande med huset altså, blir kjekt når det blir heilt ferdig.. :)
SvarSlettEg ville seie at eg syns det var trist at du slutta på studiet, men forstår det godt. Sjølvsagt betyr familien alt!!
Håpa det går bra med dokke.
Heia :)
SvarSlettElise: Takk for det. Eg skulle gjerne fullført, men er glad eg valde å "setje eit komma" no, og heller ta det att neste gong. :) Lykke til med innspurten!
Alice: Milkshake er supert veit du, godt å ha i tankane etter den bratte bakken.