torsdag 17. februar 2011

Når vårsol i bakkane blenkjer

... snart i alle fall! (Og så må de gjerne lese innlegget frå 22. februar i fjor. Peder Stol er rett rundt hjørnet)

Har ikkje foto å vise fram i dag, sidan eg sit på sofaen med ringjande øyreverk og ikkje har vore i Solflekken det siste. Men no er kjøkenet og stova nesten ferdig platekledd, og kjellaren er 1/3 ferdig flislagd.

Eg er ivrig lesar av ulike interiørblad for tida, og må innrømme at eg er litt fascinert av slike ord på veggen. "Wallstickers" som det heiter på fint. Veit nokon om ein stad der ein kan få laga sine eigne ord?

Sokkane

Der går du over stovegolvet
Lett på foten flyg du framover
Eg vert sitjande å smile
På føtene har du sokkar
Tjukkesokkar
To ulike tjukkesokkar


Y.V.

2 kommentarer:

  1. Det er så morsomt å lese om husbygging og alt annet.
    Hilsen ei som strikker sokker. Gro

    SvarSlett
  2. Hei Gro! Så kjekt å høyre frå deg. :) Eg hugsar godt kor kjekt det var å kome på besøk til Hurdal. Katten i den raude dokkevogna, Karianne og hestane, badeplassen, at eg lærte å sykle på plassen utanfor Posten. :) God sokkestrikk. :)

    SvarSlett