Altfor lenge sidan oppdatering med foto og slikt. Har eit mål om å ta bilete i helga, men time will sjåv. Brukar tida til å faktisk byggje, og ikkje til å knipse bilete. ;) Dessutan freistar det meir med strikking dei kveldane eg er heime. Bloggtørke er eit ikkje ukjent fenomen vil eg tru.
I kveld kom trappa, og då er det kanskje ikkje så mange dagane til montøren kjem. Det blir FANTASTISK å kunne fyke opp og ned trappa i staden for å klatre i trapper heile tida.
Elles er alle flisgolva ferdig lagde og fuga. Takk for god hjelp frå dei som har vore involvert i praktisk arbeid, pass eller brødbaking. ALt hjelper. :)
Kan elles tipse om www.dengodefeen.blogspot.com som fekk prisen for Årets nynorskbrukar. Veldig munter, inspirerande og oppbyggjeleg blogg som er verd ein visitt.
GOd helg snart.
Konepone
Har litt problem med å endre teksten, for det er noko gale med blogspot. Det skal sjølvsagt vere "Klatre i stigar" og ikkje i trapper... ;)
SvarSlett