søndag 20. mars 2011

Karmar


Yngve har teke til å montere glaskarmane, så dei er klare for listing. Dette vindauget er på lisjedo.


Måndag la konepone flis på vaskeromsgolvet. Stolt og nøgd, og syns det vart rett så fint og flatt. I dag har eg stått på kne og skrapa flislim mellom flisane. Det er verkeleg forskrekkeleg kjedeleg arbeid og eg kom ikkje halvvegs ein gong. KJærevene. Verre enn å plukke rips. :) Jaja. Det vog opp at eg fekk pussa ferdig og måla limtredragaren i stova også. Takk for god barnepass i Hjartåbygda!


Dette skapet skal bli lyst med tida. Kjøpte det på Røde kors sin loppemarknad i haust. Vi har køyrt det opp i Solflekken allereie no for det er betre å få pussa det der.

Ha ei god veke, og nyt snøklokkene som kanskje poppar opp snart.

1 kommentar:

  1. No nærmar deg seg veldig ferdig i Solflekken altså! Så flinke de er! Og eg er imponert over flisleggjaren! ;)
    Gledar meg til å sjå huset "live" :)

    SvarSlett