torsdag 24. mars 2011

Foccacia :)

Lovde å sende denne oppskrifta til snille Alice, og tenkte at då kunne eg like godt leggje oppskrifta her så fleire kan snappe henne med seg.

FOCCACIA:

7 dl vatn
25 g gjær (Ein halv pakke altså)
3 + 1 ss olivenolje
1 1/2 ts salt
1/2 ts sukker
ca 14 dl kveitemjøl

Lag ei laus deig, den skal ha konsistens som tjukk graut. Tilset den siste ss olivenoljen mot slutten slik at oljen smører seg rundt deiga. Dekk bollen med plastfolie, og lat heve i ca 30 minutt. Hell deiga i smurd langpanne/kledd med bakepapir. Klapp ut til deiga dekkjer forma. Etterheve utan plast ca 30 minutt. Hell over litt olivenolje, stikk "hol" i deiga med fingertuppane. Dryss litt grovt gourmetsalt over. Eg brukar å blande litt riven ost og litt pizzakrydder i deiga.

20-30 min, 200 grader. (Ikkje varmluft)

Smakar vidundarleg med "fyll":
-8-10 soltørka tomatar
-5-7 skiver salamipølser
-15-20 svarte oliven
-1-2 fedd kvitlauk
-raudlauk
-2 ts provencekrydder/pizzakrydder
-riven ost.

Nyt! (Ein kan godt fryse restane til seinare)


2 kommentarer:

  1. ÅÅÅ, så bra eg fekk lov å sjå ingrediensane og framgangsmåten på denne! Takk! Den var så god! :)
    Då er det berre å prøve å få det til i praksis!!
    Det er ikkje alltid like lett for alle! ;)
    Men skal no prøve, "til helga kanskje?"

    SvarSlett
  2. Det går nok fint Alice. Du kan ikkje gjere noko feil. Deiga SKAL vere klissete og merkeleg. ;) LYkke til. Anne Marta

    SvarSlett