fredag 6. mai 2011

I da`e`dde fredda`!



Utanfor Soflekken er det full graveaktivitet hos eine naboen, og på andre sida er det eit hav av kvitveis. SÅ vakkert med kvitveisar!! Har sjølvsagt gløymt å ta med fotoapparatet siste dagane, så det får bli ein symbolsk "google-veis" i stadenfor dei ekte sakene frå Soflekken. Elles er det veldig kjekt at det poppar opp fleire hus i nabolaget, og vi gler oss til å sjå både husa og naboane. :)

I dag har vi fått kjøleskap, oppvaskmaskin og tørketrommel, og dei står inntil vidare midt i stova. Ein heilt naturleg stad å vaske skitne tallerkar og tørke dei i trommelen etterpå? Neidå, men på måndag kjem kjøkenet, og då er det godt med alt ikkje står i vegen.

PappaLeif har også trylla gjesterom til oss. FOR ein pappa! Eg vart så rørt då eg såg kor raskt det hadde blitt forandra frå rotelager til ferdig rom. Mannbrann er også iherdig, og eg er veldig imponert over at han held oppe både humøret, tempoet og standarden no på tampen. :)

Kanskje eg kjem att med meir bilete seinare i helga.
Eg er forresten på jakt etter retro-stoff, så viss du har nokon gamle dynetrekk i retrokategorien set eg pris på å få eit vink. :)

God vårnatt.

3 kommentarer:

  1. Herlighet så flinke dere er!! Gleder meg til mer bilder, og snart må vi ha oss en tur inn å se på skikkelig

    SvarSlett
  2. Pappa har sikkert gamle dynetrekk. Kan sjekke i morgon. Spesielle fargar du ser etter? Tante S. har sikkert ho også. Rikke

    SvarSlett
  3. Takk, Beate! Berre å kome innom :)

    Rikke: :) Gjerne slike i brun med oransje blomster, eller raudt med kvite hjarte eller eple på. Blått og turkis, grønt og brunt, gult og oransje? I stil som gamlebadet til tante S? Men du skal sleppe å knabbe alle sengesetta du finn. Men om du finn noko du trur kan passe kan du tipse meg så eg får forhandle med eigarane ;) Gler meg til å høyre nytt frå deg om det som skal skje snart. AM :)

    SvarSlett