Berre eit lite kaosinnlegg i dag. No merkast det at det er på slutten av byggjeperioden :)
I går var det litt småkrise i heimen:
1 Kjøkenmontørmannen var på plass, og sette opp mange fine og lekre kjøkenskuffer og skap. MEN så fann vi ut at vi har laga hol i taket til ventilatorhetta på feil plass. Gurimalla! Men så fann vi ut at med ei 30 cm hylle og ei ekstra foring utvidar vi kjøkenet ørlite, og at ventilatorhetta då vert på rett plass. Puh!
2 Ventilatorhetta viste seg å vere feil pakka, slik at inni emballasjen var det ei vegghengt ventilatorhette! Allereie returnert og tinga ny så klart.
3 Som den siste store brølaren har montøren festa handtaka midt på skapdørene i staden for nede i det hjørnet som ein skulle tru var logisk å feste dei. Då var ikkje ho konepone blid kan de tru. Sukk og stønn. Vi får nye skapdører om minimum 6 veker, og montøren har truleg fått litt refs frå sjefen sin...
Elles skin sola og det er så vidunderleg vakkert ute. Vi har fått utedører i Soflekken, og det kjem seg steg for steg. Forhåpentlegvis 3 veker til innflytting. :)
Vordande skulegut på førskuledag i morgon. Stort!
konepone
Lykke til med førskuledagar for storeprinsen:) Lisjeprinsen har bedt mej på selskap i nye huset:) Gler mej :D hoho... Kjennar at eg ventar litt på at dokke skal flytte inn no.. Snart ferie på meg... å når eg kjem heim håper eg at dokke har komt i hus:)
SvarSlettKristin
Uff og uff! Men ditta ordna seg! Bra de har kontroll på kaoset da! ;)
SvarSlettKristin: Han er ein klok gut, som veit å invitere dei kjekkaste folka veit du ;) Berre kom, du!
SvarSlettAlice: Berre kom, du også ;) Kontroll og kontroll, fru Rotevatn... :)
Historia om skåpdørhandtaka minner meg om ei kjøkkenoppussing eg heldt på med ein gong. Etter at dei gamle skåpdørene var fint sparkla og oppattmåla i ein dus blåfarge tok den effektive eks-svigerfaren min og starta montering av dei gamle knottane som var festa med ein skrue. Og vi som hadde kjøpt nye handtak som skulle festast med to skruar. Eks-svigermor (som hadde stått for mesteparten av målinga) oppdaga det heldigvis allereie etter den fyrste døra... Moral: Det ordnar seg, og blir ei artig historie :-)
SvarSlettHelsing Silje i Trondheim
Silje: Ja, det er aldri så gale at det ikkje blir ei god historie. :)
SvarSlett