onsdag 6. april 2011
Trapp!
O store glede! I dag vart trappa montert, og vi er veldig godt nøgde med henne. Ikkje minst var det fantastisk å kunne trippe lett opp til loftet og at Andreas kunne gå opp. Han har vore forkjøla og astmapjusk nokre dagar, men betre no heldigvis.
No ser huset meir og meir innflyttingsklart ut, sjølv om det står att ein del lister og dørkarmar. Handtverkarane skal starte på det på måndag, og kjøkenet første veka i mai. Så det ligg an til innflytting første dagane i juni. Hurra!
I trappa mellom første og andre etasje er der eit lite vindauge. Veldig glad for at det ikkje kom akkurat der trinna skal vere. Då er det betre at rekkverket sneiar hjørnet i staden.
I går kveld var vi forresten på Kid i Ulsteinvik og handla rullegardiner, persienner og lamellar til den store gullmedalje. -På sal. Godt å ha fått dei i hus, så kan dei monterast i ein fei etter nedvasken.
Så har vi nesten kjøpt eit langbord på Kolbotn, men slått det frå oss i siste liten. No går vi for Ikea sitt "Norden", med plass til maaaange gjestar. Kjem du?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Wow!
SvarSlettKjekt å ha komt så langt. Trapp...
:) Ja, ikkje sant? Når startar du i nyejobben forresten?
SvarSlettHar starta... Prøver å finne ut kva jobben er...
SvarSlett