mandag 4. april 2011
Roger
Dette er Roger, mannbrann sin kjære recliner frå januar 2000. Roger har opplevd mange laurdagskveldar med fotball, gravide konepone-kvildar, karusellturar med turboprinsane og lesestunder med Yngve og Maarud paprikachips.
Trass i mange gode opplevingar i lag med Roger har han vorte ein kime til diskusjon i heimen siste tida. Saka er den at konepone syns Roger godt kunne hatt godt av ein make-over, noko som er nokså vanskeleg å få til for ein recliner. Det er fleire stolar i "bladå" som er både freshare og snertnare. Mannbrann er enno blenda av kjærleik til Roger, og har ikkje sett det konepone ser av nuppar og appelsinhud både her og der på den stolte lenestolen. Det heile toppa seg her ein dag då konepone støvsugde rundt Roger og fann ein knekt bolt (!) som låg på golvet attmed. Konspirasjon, tenkte mannbrann. Kva er oddsa for at Roger tener oss trufast i 11 år, for så å falle frå kvarandre TILFELDIGVIS to månader før vi flyttar inn i Solflekken?
Det hjelper kanskje heller ikkje å seie til mannbrann at Roger har flytta til "Ein gard på landet med kaniner og høner", og at vi berre kan kjøpe oss ein ny stol?
Nei, Roger, du kan ikkje erstattast. Men det blir ein tung dag (bokstavleg tala) for mannbrann når du skal lempast over kanten på Bøstrand sin container...
;) Ha ein fornøyeleg dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Må sei meg enig med deg i at Roger IKKJE skal vere med opp i Solflekken.. Trur nok han har gjort sitt her i livet ja:)
SvarSlettÅ du kan nå ikkje legge ned bloggen no. Kor skal eg da "spionere" på dokke. Må iallefall vente til De har komt i hus, slik at vi får sjå kor flott De får det:)
SvarSlettKristin
Stemmer for at roger ikke blir med på flyttelasset! ;) hihi
SvarSlettTusen takk for koselig hilsen hos meg!!
Det er blogger.com jeg bruker men laget header og diverse i Photoshop. :)
Ha en fin dag!
Når ein stol har fått eit navn, så tek eg det som eit teikn på at han betyr noko i heimen, og eg er sikker på at Roger har mange boltar som han sikkert ikkje treng. Hugs at venleik kjem innanfrå. (gjeld også møblar)
SvarSlettDet er no vel ikkje slik at dersom det kjem fram appelsinhud og nuppar så skal ein kastst i ein container?????? Vel vel... Eg innser nederlaget... når ein må ty til skjærfil og vinkelslipar for å sage over boltane under stolen, ser eg at han kanskje ikkje er så velkomen i vår nye heim. Men Roger har vore god å ha.
SvarSlettTakk min kjære ven
Du står der burgunderraud og pen
Du snurra så lett i gamle dagar
No høyrest det ut som du sagar
Eg sat so beint og godt i deg
No ramlar eg snart ut av deg
Du er skeiv og skakk
Får nesten ikkje ut din fotskammelkrakk
men mjuk det er du
og varm det vert du
så no skal eg ofte deg nytte
til den dagen vi skal flytte
sukk
Mannbrann
ÅÅÅÅ kjære mannbrann. Alle dine konspiratoriske teoriar smertar mitt hjarte....
SvarSlettBerre nyfiken. Kven Andreas har lagt igjen kommentar??? :)
kostelig innlegg:)
SvarSlettdet e nok ikkje berre Roger som ikkje blir med på flyttelasset eller hengt opp på veggane i Solflekken skal de sjå!!! Sånn e de berre :)
Gode klemmar og til lukke med innspurten :)
Gledar mej til innflyttningsbesøk og koselig prat i framsmettet :)
Marita
At Roger begynner å falle fra hverandre hadde jeg ikke kalt en tilfeldighet, AM, mer som en velsignelse! Og jeg kommer gjerne og prøver ut langbordet deres!! (Fin trapp forresten, vår kommer forhåpentligvis i neste uke)
SvarSlett