I år gjekk vi rett frå vinter til sommar, trur eg. Ikkje kvar gong at ungane får bruke ullsett og regnklede, og shorts, same veka. To lykkelege og litt solraude smågutar fulle av is og grillmat ligg no i sengane sine. Heilt herleg.
Vi vaksne har fått rydda litt utanfor huset i dag, og måla nokre lister på vaskerommet og i gangen. Vi er så takksame for at prosessen har gått så bra til no, og for at vi snart kan flytte inn. No er det sokkepåbod i trappa, og vi spekulerer litt på korleis vi skal verne henne medan siste listearbeidet vert gjort, og kjøkenet blir montert. Nokon som har eit godt forslag?
Minsteprinsen bobla av glede og stoltheit i dag, då vi viste fram huset til T og GH
"Tihi! Ej e fått mej møbla på rommet mitt!"
Med ønskje om ei god natt med milde draumar
Ja, vi har virkelig hatt noen gode dager nå. Håper på mange fler av de! Ikke rart han er kry for å vise fram nye fine huset sitt. Det blir jo såå flott!
SvarSletthva med å tape på papp på trappetrinnene frem til huset er klart for bruk? Tror det finnes egne trappebeskyttere, men på byggmixen vet de kanskje hva man skal bruke... eller, ikke byggmix kanskje, men på et sted hvor de har peiling på sånt
SvarSlettpapp som lenemor skriv... Var ikkje det allerede på kvart trinn når dei monterte den?
SvarSlettEller kanskje gamle tepper? (filleryer)
Jaudå. Der var papp på. Med beskjed på kvart einaste trappetrinn om at vi måtte fjerne pappen og tapen seinast 3 veker etter montering. :) Men dei snille elektrikarane har tapa opp ny papp for eit par dagar sidan. :) Det skal halde ei veke eller to til. )
SvarSlett