torsdag 14. april 2011

Siste langside

Det er litt pussig. Kvar gong eg kjem opp til Solflekken tenkjer eg "Å, så langt vi er komne!" Kvar gong eg fer derifrå tenkjer eg "Hm... Jammen mykje arbeid att..." -Og det er sjølv om eg gjer ein god del medan eg er der?!?! Omvend psykologi på eit vis.

Men. No er det snart påske. Vidunderleg med vår i lufta og lette sko på føtene. Vi er ferdige med 80% av listinga, og har også begynt å måle det siste strøket på ein del lister. Kjellarbadet er klart til å få baderomsplater på veggane. Muraren held på med hovudbadet.
Så kjem dørene med karmar på plass. (Heilt av seg sjølv så klart)
Så kjem kjøkenet på plass.(Heilt av seg sjølv så klart)

Poff. Ferdig. Nedvask. Innflytting. Vafle på verandaen.

God helg nokså snart. :)

3 kommentarer:

  1. Fine blogg, nydelige menneske som snart skal flytte inn i eit kjempe FLOTT(nytt:)hus!! Dokke gjer ein kjempe innsatts! Gler mej til koselige stunde på solflekken.. Hilde;)

    SvarSlett
  2. Heia begge to. Tusen takk for gode ord. :) -I lige måde må eg seie!
    Ha ein fin søndagskveld. Klem

    SvarSlett