
Vestsida på Solflekken. Litt å gjere her også.

Liten venn.

Varmedisen låg som eit tynt teppe over Volda i dag. Det er altså ikkje skodde, sjølv om det kan sjå slik ut.

Kjekt å sjå at naboane held på med graving og muring. :) Velkomne skal dei vere.




I dag gjorde vi ferdig begge guteromma. Ferdig lista, og ferdig måla. Ferdig. :) Det er fantastisk godt å kunne krysse av for at noko er klart til nedvask. Hurra for det! Her er rommet til eldstemann.

Litt arbeid med hjørnelister, fuging og måling, men det vart bra.

Løva i Solflekken! (Etter ein kjekk føremiddag på dok.film)

Litt putl, men fornøgd med kvit hjørnelist der den blå og den kvite veggen møtest.

Pølsegrilling til middag.

Minsten sitt rom.

Helsing frå to i "byggjebobla".
SÅ FINT DET BLIR!
SvarSlettFantastisk morsomt å følge framgangen.
Lykke til med siste innspurten.
Håper på enda flere "visnings-bilder".:)
Hilsen til dere alle fra Gro (i Hurdal).
Å så kjekt å høyre frå deg, Gro. :) Artig at du er innom bloggen av og til. De må gjerne kome på besøk om de skal til Syvde i sommar.
SvarSlettHelsing AM