
Her er vaskerommet, med ferdig flislagt golv og fuger. Døra skal sjølvsagt skiftast ut når alt er ferdig elles i rommet.

Utsikt frå "framsmettet", der kjøken- og spisebordet kjem til å stå. Herleg med dagslys utover kvelden.

Etter at dette biletet vart knipsa har vi lagt taklister også inne i sofa/TV-kroken

Lisjedo. Utan lister, men med golv. :)

Du er med dette invitert til å kome med eit godt namn på denne kjøken/stove/ete-kroken. "Framsmettet", "Luksusfell" og "Velstandsvorta" er lansert, utan at alle partar er heilt nøgde med det.

Listene rundt kjøkenglasa kom på plass i dag.

Meir "framsmett".
Vi vurderer å avslutte bloggen no, men kan evt. overtalast til å halde fram dersom det kjem nokre kommentarar som seier at det er ønskjeleg at vi held fram. ;)
God helg kvar enn du er i verda.
Det blir så flott!!! Kjekt å se :)
SvarSlettGubben dale så fint det blir. Tar en tur snart i.
SvarSlettDet blir sooo fint!! Og de må ikkje avslutte bloggen enno!! :-O Må no sjå resultatet her HEILT ferdig også!
SvarSlettHei i Volda.
SvarSlettKjekt å sjå at huset veks og blir fett!
Kan ikkje skjønne anna enn at det må vere kjekt å sjå at det blir hus av fjølene. Stå på !(og slapp av av og til)
Broder Jon i Lyngdal
Ej skal love å kome på besøk å sjå altso, men kan no godt halde fram med bloggen fordi!!!!!!!! klems
SvarSlettDu stille mi tid kor flott det blir med dokke, Anne Marta!! Ej e mektig imponerte over at du la flisa på vaskerommet sjøl, hadde ikkje tårt å prøve sjøl trur ej (men koffor skal ikkje me damene klare slikt??). Lenge sida ej he kika på bloggen dokka, men trur ej hadde blitt lang i fjeset om den ikkje var der då ej leita ;o) Kjekt med oppdateringar, og kjekt blir det å sjå huset ferdig... So om du he tid og lyst og ork so syns ej du ska fortsetje. Klem Lene <3
SvarSlettdet blir kjempeflott:) Kjekt å følgje med på bloggen,så ej håpe dokke ikkje gi dokke m blogginga. klem Rikke
SvarSlettTakk for alle kommentarar! Eg er svak for godord og smiger, og sidan det er nokre som bryr seg om å sjå Soflekken også framover våren kan vi no ikkje avslutte bloggen enno. ;) Ha ei god og vårleg veke.
SvarSlettFor eit herleg hus du får deg :)
SvarSlettSyns det er blitt kjempe flott!!!!
Takk for helsing. Var sikkert deilig å gå tur i fine været i dag i joggesko og jakke :) Mine små lekte i hagen og kosa seg mens eg småstyret inne i huset. Deilig med slike dagar :)
Ha ei fin veke
Klem Anna Lisa
Hææ... Slutte?
SvarSlettEg vil sjå meir :-)
Også av livet på solflekken når alle listene og alle dei andre er på plass.
Jeg synes det er så kjekt å lese om nyehuset og lese små glimt fra livet deres ellers at jeg håper at dere fortsetter :)
SvarSlett*klem* Heidi
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei og hopp så kjekke de er, og så fine kommentarar. Ser ut som at bloggen lever vidare ja. ;) Ha ein fin kveld i ruskeveret.
SvarSlett